
Fagansvarlig ingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 20.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig ingeniør
Stillinga inneber ansvar for å drifte og vidareutvikle cytologi og kjemikaliehandtering ved laboratoriet.
Vi leitar etter ein engasjert medarbeidar. Dette er ei dagstilling og arbeidsdagen vil vere variert.
Her vil du få moglegheita til å lære og bidra i ulike delar av laboratoriet si verksemd gjennom grundig opplæring. På avdelinga vår har vi teke i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling.
Faget patologi er i ei rivande utvikling. Du vil vere med på den spanande utfordringa det er å tilpasse og utvikle diagnostikk for meir personretta behandling. Grip denne moglegheita til å vere med på framtidas diagnostikk!
I tillegg er det viktig for laboratoriet å ha ein trygg arbeidsplass. Difor søkjer vi ein person som er spesielt interessert i og eigna for kjemikaliehandtering.
Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg vennleg inkludere det i søknaden din.
Kva går jobben ut på?
- Ha ansvar for drift og vidareutvikling av Cytologi, EBUS og kjemikaliehandtering.
- Vere fagleg oppdatert i faget.
- Ha ansvar for utprøving og validere/verifisere nye metodar eller instrument saman med ansvarleg lege og funksjonsleiar Patologi.
- Delta i avgjerdsprosessar angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr.
- Ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplaner, opplæring og undervisning innan fagområdet.
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr.
- Ha ansvar for laboratoriets stoffkartotek.
- Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid.
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbetringsarbeid.
- Rullering av arbeidsprogrammer innan fleire fagområder.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon.
- Kompetanse og erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium, patolgi, cytologi og kvalitetssikringssystem er ein stor fordel.
- Kompetanse innan kjemikaliehåndtering, risikovurdering og bruk av Stoffkartotek/EcoOnline er ein stor fordel.
- God kunnskap i og forståing av generelle IT- verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har evne til å arbeide kvalitetsbevisst
- trivst med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
- har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
- er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
- tålar å stå i krevande situasjoner
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling.
- Hos oss er vi ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift).
- Her får du ein spennande og utfordrande jobb.
- Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium.
- Lønn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Håndtere kjemikalier
- Kvalitetssikring
- Kvalitetsstyring
- Patologi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagansvarling ingeniør, cytologi, bioingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454091380
- Sist endret



