Fagansvarlig bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig bioingeniør, PNA og prøvetaking
Vil du jobbe som fagansvarlig bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som fagansvarleg bioingeniør ved Laboratoriet Odda får du ei sjølvstendig rolle med ansvar for PNA og prøvetaking, tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. Vi tilbyr no eit vikariat med gode moglegheiter for fast tilsetjing.
Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt.
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20.000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60.000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld - sjekk her.
👉Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- Blodprøvetaking
- Blodgass
- Urin
- Glukose
- Opplæring av ansatte ved Odda sjukehus i blodprøvetaking, analysering av blodgass, urin og glukose
- Delta i rutinedrift og vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
- tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Sletting av studiegjeld: Du kan ha rett på sletting av utdanningsgjeld dersom du bur i ein kommune som er omfatta av ordninga. Les meir her!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Blodgassanalyse
- Ta blodprøver
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, prøvetaking, odda, sykehus, pna
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449161758
- Sist endret


