Seniorrådgivar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Ein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil ta del i samfunnsoppdraget til Statens barnehus og politiet
Om stillinga
Seksjon for Statens barnehus etablerer i andre halvdel av 2026 ei underavdeling i Kristiansund. Vi søkjer derfor etter tre fagleg sterke og utviklingsorienterte seniorrådgivarar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet.
I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla.
Teamet i Kristiansund vil samarbeide nært med dei tilsette ved hovudavdelinga i Ålesund og ha felles leiing. Hovudavdelinga har i dag 11 tilsette, med fire seniorrådgivarar og to psykologar. Underavdelinga skal også tilsette ein førstekonsulent med ansvar for tekniske og administrative oppgåver. Underavdelinga får adresse i moderne og nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga, knytt til oppfølgingsoppgåver og arbeid ved hovudavdelinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som kan kombinere solid fagleg kompetanse med trygg og tillitsvekkande nærvær i møte med både barn og vaksne i målgruppa, og samarbeidspartnarar. Du bidrar aktivt til kvalitet og utvikling i arbeidet, og til eit godt arbeidsmiljø. Du er audmjuk og modig i arbeidet ditt, og har høg motivasjon for å arbeide innanfor fagfeltet til barnehuset.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- planleggje og tilretteleggje før, under og etter tilrettelagte avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av barn og sårbare vaksne
- vareta perspektivet til den avhøyrte i alle fasar av straffesaka, og bistå med barnehusfagleg kompetanse til etterforskinga under avhøyra
- kartleggje og avklare behov for vidare oppfølging og behandling av målgruppene
- gjennomføre oppfølgingstiltak, innanfor rammene i Felles retningslinjer for Statens barnehus
- koordinere tverrfagleg og tverretatleg samhandling
- gi fagleg rådgiving og rettleiing til samarbeidande etatar, samt privatpersonar
- bidra til fagleg kvalitetssikring av arbeidet i fagteamet
- delta i nasjonale fagnettverk
- halde deg fagleg oppdatert, bidra til fagutvikling og kompetansedeling internt og eksternt
- ansvar for opptak av avhøyr på lyd og bilete ved behov
- arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg i tråd med behov og eventuelle sentrale føringar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå, for eksempel innan helse- og sosialfag, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande kliniske utdanningar. Særleg relevant arbeidserfaring og klinisk kompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet
- arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering
- arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familiar
- erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samhandling
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- grunnleggjande IT-kunnskapar
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- relevant vidareutdanning, for eksempel innan psykisk helsearbeid, familieterapi, rettleiing eller liknande
- erfaring frå arbeid med barn eller vaksne med kognitiv funksjonsnedsetjing og utviklingsforstyrringar
- erfaring frå arbeid med barn eller vaksne som har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep
- erfaring frå arbeid med problematisk og skadeleg seksuell atferd hos barn og unge
- fleirkulturell kompetanse
- kompetanse innan krise- og traumeforståing
Den faglege samansetninga i teamet med tre seniorrådgivarar vil vere ein viktig faktor i vurderinga av kandidatar til stillingane. Vi vil leggje stor vekt på korleis kandidatane kompletterer den faglege sammensetninga i teamet.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
- er orientert mot fagleg og organisatorisk utvikling
- har gode analytiske evner og er trygg i møte med fagleg kompleksitet
- har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- organiserer arbeidet ditt godt og tar ansvar for høg fagleg standard i oppgåvene dine
- er fleksibel i forhold til omskiftlege arbeidsoppgåver
- handterer høge emosjonelle krav
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein meiningsfull og utfordrande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme Statens barnehus for framtida
- fast stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) lønn frå kr. 700 000- 875 000 brutto per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no (http://www.spk.no/). Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- mogleghet for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansattloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Barnepsykiatri
- Forebyggende helsearbeid
- Opptak
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Seksjon for Statens Barnehus er ein del av Møre og Romsdal politidistrikt, underlagt Felles eining for etterretning, førebygging og etterforskning (FEFE). FEFE består av seksjon for Statens barnehus, seksjon for etterretning og analyse, seksjon for førebygging og seksjon for etterforsking. Seksjon for Statens barnehus har si hovudavdeling i Ålesund og ei underavdeling i Kristiansund.
Barnehusmodellen er ein modell for tverrfagleg og samlokalisert arbeid med saker om vald og seksuelle overgrep mot barn og særlege sårbare vaksne, i politimelde saker. Unge mistenkte inngår også i målgruppa. Barnehusa skal sikre at dei som blir avhøyrt ikkje blir utsett for unødige belastningar, får god og koordinert oppfølging, og blir møtt med høg fagleg kompetanse i trygge og tilrettelagde omgivnadar. Barnehusmodellen kan skildrast som to-spora; straffesakssporet handlar om å koordinere og leggje til rette rundt det som gjeld straffesaken (tilrettelagde avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkningar), og oppfølgingsporet handlar om å sikre barn og sårbare vaksne oppfølging og behandling i etterkant.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storgata 43, 6508 Kristiansund N
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Annet, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453931404
- Sist endret
