Vertar til Garborgmusea - Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen
Jærmuseet
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du ha ein sommarjobb der du får jobba på nokre av Jærens mest unike kulturstader, og bli betre kjend med Hulda og Arne Garborg? Me søkjer nå sommarvertar til musea Garborgsenteret, Garborgheimen og Knudaheio.
Arbeidsoppgåver:
- Ta imot gjester med eit smil og vera eit varmt vertskap
- Skapa gode museumsopplevingar for gjestene på Garborg-musea
- Formidla utstillingane og Garborg-historie på ein engasjerande måte
- Rettleia gjester som spelar Treskomysteriet
- Jobba i resepsjon og selja varer i museumsbutikken
- Hjelpa til med rydding og lett reinhald
- Ta på deg ulike oppgåver som dukkar opp
Arbeidstid:
Kvar dag inkludert helg (5,5 timar) i sommarsesongen 1. juli til 16. august. Sommarvertane våre har om lag fem vakter per veke, og arbeider normalt mellom tre til fem veker i løpet av sommaren.
For aktuelle kandidatar kan det vera mogleg med laurdagsjobb på Garborgsenteret frå hausten 2026 og på arrangement ved behov.
Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søkja.
Du treng eige transportmiddel for å koma deg til Garborgheimen og Knudaheio.
Garborg-musea: Mot til å meina, styrke til å skapa
Garborg-musea ligg på Bryne, Undheim og Garborg i Time kommune.
Garborgsenteret si utstilling er leiken og utforskande, og basert på Jærmuseet sitt motto om «å læra ved å gjera». Her får ein bli betre kjent med det mest berømte forfattarekteparet i Noregs historie, Hulda og Arne Garborg.
Jærhusa Garborgheimen og Knudaheio er Arne Garborg sin barndomsheim og sommarstove. Ved desse to forfattarmusea blir forfattarens oppvekst og forfattarskap formidla, i tillegg kvardagslivet på Jæren på Garborg si tid.
Kva bør søknaden din innehalda?
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
- Kvifor du meiner at du passar godt inn i rolla som vert
- Kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga, og kvifor du ønskjer å jobbe akkurat hos oss
- Om du har relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv
- Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva hobbyar eller fritidsinteresser du har
- Anna du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din
Me legg vekt på søknadar skrivne med eigne ord, og ikkje av KI.
Du passar godt i rolla dersom du:
- Er nysgjerrig og interessert i historie, språk og litteratur
- Trivst med å jobba sjølvstendig, tek ansvar og stiller opp når det trengst
- Er utovervend, imøtekomande og glad i å møta nye menneske
- Koser deg i vertskapsrolla og gir publikum ein varm velkomst
- Har erfaring med formidling, til dømes drama eller musikk
- Set deg inn i faget eller historiene du skal formidla, og gir dei liv
- Kan formidla både på norsk og engelsk
- Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Dette tilbyr me:
- God opplæring slik at du kan kjenna deg trygg i rolla
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Løn etter tariffavtale
- Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg
Rekrutteringsprossen vår
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:
- Me les og vurderer alle søknadar løpande
- Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju
- Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
- Alle søkjarar får tilbakemelding
Til slutt:
- Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
- Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart
Mangfald og tilrettelegging
Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søka.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452356248
- Sist endret


