Bildegalleri
Håndlaga heimestudio / heimekontor set-up
Til salgs
5 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Dybde: 71 cm
Høyde: 241 cm
Bredde: 136 cm
Til salgs er interiøret i mitt modulære og heimelaga heimestudio / heimekontor. Materialene er finert poppel, og grått lakkert metall.
Heimekontoret er designa mtp behova til ein musikkprodusent, musiker, freelancer e.l. To av hyllene er vinkla ca 35 grader nedover, for ergonomisk tilgang til keyboards etc. Fordi hyllene er modulære kan ein flytte på absolutt alle delar av designet, for å tilpasse til sin bruk og sitt rom. Den einaste bestemte faktoren er at metallbeslaga som er skrudd i veggen må ha 60cm avstand frå kvarandre.
Hyllene og skrivepulten er spesialkonstruert for å "flyte" ut frå veggen, med oppheng som vist på bilda. Beslaga på veggen er av metall, opprinneleg brukt til butikk-innredning, og er veldig solide (eg har hatt over 150kg i samla vekt på lagringshylla + riggen).
Eg flyttar ut av dette rommet nå, men var veldig fornøgd med denne ergonomiske løysinga som tilbyr ein unik og modulær arbeidsflyt i eit plassbegrensa rom / kontor. Du kan sjølv velge plassering / høgde på skrivepult og hyller.
Litt om måla:
Metallbeslaga som er skrudd i veggen 241cm lange, og var i mitt rom montert ca 28cm opp frå golvet
Skrivepulten er 132,5cm brei og 71cm djup
Den breiaste vinkla hylla (keyboards etc) er 136cm brei
Den smale vinkla hylla er 77cm brei
Den smale vinkelrette hylla (med kassettane på) er 74,5cm brei
Den øverste lagringshylla (vinkelrett) er 132,5cm brei og 33cm djup
Alle hyllene er tilpassa mitt utstyr, men kan enkelt kappast ned til den bredda du måtte trenge.
Send gjerne spørsmål om det er noko du lurar på!
Kan hentast ved Harald Hårdrådes plass, ferdig demontert.
Søkjeord, for bokmålsfolk: hjemmestudio, studiopult, plassbygd, møbelsnekret, møbelsnekker, finer, vegghengt, pult, arbeidspult, arbeidsbord, musikkstudio, hjemmekontor, lagring, modulær, hylle
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.6.2026 kl. 12:16 ・ FINN-kode: 452093040
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt