Vert til Grødalandstunet
Jærmuseet
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
På Grødalandstunet er me på jakt etter eit blidt og engasjert vertskap som vil vera med å skapa gode opplevingar for små og store. Her får du vera ein viktig del av eit levande gardstun – midt i historia!
Som vertskap blir du med på å:
- Fortelja dei spennande historiene om Grødalandstunet
- Ta imot og snakka med besøkande
- Skapa liv og røre på aktivitetsdagar
- Bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut
Arbeidstid:
I juli held me ope tysdag–sundag, med om lag fem timar arbeid kvar dag.
I juni og august er det ope på sundagar i skulesommarferien, i tillegg til nokre utvalde aktivitetsdagar gjennom sesongen mai–september.
Kven passar dette for?
Vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar folk, historie og formidling. Perfekt for deg som vil ha ein lærerik og litt annleis sommarjobb.
Grødalandstunet – der tida står stille
På Grødalandstunet kan du rusla inn i ekte jærsk historie: to gamle godt bevarte sjøgardar som framleis står der dei alltid har stått, med stovevarme, knirkande golv og flott utsyn mot havet i vest.
Her kjenner du roen senkar seg når du stig inn i stovene der folk budde og levde frå 1700‑ til tidleg 1900‑talet.
På aktivitetsdagane kjem tunet verkeleg til liv – då kan du prøva gamle gjeremål, læra nye ferdigheiter og vera med på leik slik dei gjorde før pc og mobil fanst.
Om du treng ein pust i bakken, ventar sjøutsikt, rullesteinar og Kongevegens stiar rett utanfor.
Grødalandstunet er som ein liten tidsmaskin – og du er velkomen inn!
Kva bør søknaden din innehalda?
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår vi deg til å inkludere dette i søknaden:
- Kvifor du meinar at du passar godt inn i rolla som vert
- Kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga, og kvifor du ønskjer å jobbe akkurat hos oss
- Om du har relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv
- Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva hobbyar eller fritidsinteresser du har
- Anna du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din
Du passar godt i rolla dersom du:
- Har interesse for historie og likar å formidla
- Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
- Liker å vera vertskap
- Ikkje har noko imot lett reinhald
- Kan setja deg inn i historia til garden og formidla både på norsk og engelsk
- Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Dette tilbyr me:
- God opplæring - du skal føla deg trygg i rolla
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Løn etter tariffavtale
- Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg
Rekrutteringsprossen vår
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkjar hjå oss kan du forventa følgjande:
- Me les og vurderer alle søknadar løpande
- Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju
- Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
- Alle søkjarar får tilbakemelding
Til slutt:
- Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
- Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart
Mangfald og tilrettelegging
Me trur at ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Difor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar - uavhengig av bakgrunn - til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451946788
- Sist endret




