Bildegalleri
Schäfer-tispe (Lola, 5 år) søkjer eit kjærleg og aktivt heim
Til salgs
5 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Lola er ei flott schäfer-tispe som fyller 5 år i mai. Ho er ei snill og god jente som er vandt med barn og trivst svært godt med kos og merksemd. Ho knyter seg tett til menneska sine og elskar å vere ein del av kvardagen.
På tur kan ho reagere på ukjende ved å bjeffe eller hoppe litt mot dei, særleg dersom ho kjenner seg usikker.
Med trygg og tydeleg handtering roer ho seg raskt. Ho er ikkje vant med å bu saman med andre hundar, og vi ser derfor for oss at ho passar best som einaste hund i heimen.
Lola likar å køyre bil og blir gjerne med på tur. Ho treng eit kjærleg og stabilt heim med god plass å boltre seg på – gjerne med hage eller i landlege omgjevnader.
Dette er ein fantastisk hund for rette person eller familie som har tid, tolmod og lyst til å gi henne det trygge og gode livet ho fortener.
Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat dersom du trur du kan vere den rette for Lola ❤️
PS: Om Lola skulle bli omplassert på nytt, ynskjer eg å bli informert fyst. Då ve eg være den som finne ny heim, eventuelt at ho kan komme tilbake hit viss omstendigheitene tillett dette.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 18.2.2026 kl. 21:19 ・ FINN-kode: 451714277