Bildegalleri
Schäferhund av brukslinjer (schæfer)
Til salgs
Beskrivelse av varen
Er du på leit etter schäferhund?
Ser du etter ein annan type enn utstillingslinjene?
Er det ein brukshund du treng?
Kanskje kennel Citagarden lagar det som passar deg?
Mine avlshundar er avlskåra i raseklubben. Det er ikkje noko kvalitetsstempel, det viser berre at dei fyller raseklubben sine krav til høgaste avlskriterie på sjølve avlshunden.
Eg vil ha opplysningar om kullsøskena og slekta til den hannen eg vil bruke til mine tisper. Eg vil ha resultata både på kullsøsken sine resultat på HD, AD, helse og mentalitet. Eg sjekkar heile slekta. Klart kan det vere noko som ikkje er ideelt, for dei feilfrie slektene finns ikkje.
Mitt avlsmål er friske, førbare og aktive schäferhundar, som skal passe til det arbeidet den blir trena mot (NRH, NBF, lp …)
Hundane skal ha ein sunn og funksjonell kropp, som tek seg godt fram i alle terreng, dei skal ha uthaldenheit både i søk og lydigheit. Hundane skal vere sjølvstendige i arbeid, men vere samarbeidsvillege med førar.
Du som ønskjer hund frå Citagarden, må vere klar over krav til deg som kjøpar.
Du skriv under på
- At hunden skal HD- og AD-røntgast innan 18 mnd.
- Å gjennomføre MH, unghundbeskriving, før 2 år.
MH er den beste og mest omfattande mentalkartlegginga i Norge etter mitt syn. Det krevst ikkje noko av førar for å delta. Førar møter med hund i band, og blir rettleia gjennom løypa av ein testleiar. Førar får instruksar undervegs, og det er hunden sine reaksjonar og avreaksjonar som vert vurdert av to godt utdanna dommarar. MH vert arrangert av ulike hundeklubbar i heile Norge. Det er faste baner, og i tillegg til dommarar og testleiar, er det utdanna figurantar og hjelparar som utfører momenta.
Sidan heile kull vert testa, får eg verdfull informasjon som oppdrettar. Enkelt individ kan vere ulike, sidan det er ulike eigarar på hundane og ulikt miljø. Om hunden er 12 mnd ved test, blir det sjølvsagt anna resultat enn som 18mnd, men eg vurderer testen utifrå alder.
Eg ønskjer deg som vil gje hunden eit godt og treningsrikt liv, deg som veit kva det inneber å skaffe seg ein schäfer.
Eg ønskjer at vi held kontakten, så lenge hunden er saman med deg. Du vil få kontakt med dei andre som har Citagardenhund, og høyre til i gruppa, viss du vil.
Om du er interessert i hund frå min kennel, ønskjer eg å snakke med deg, ikkje berre skrive. Men du kan gjerne skrive først - om deg sjølv, kva erfaring du har, treningsmiljøet ditt, kva mål du har med hunden. (Ring meg på mob. 99227240)
Om hannen:
Far: Sognslunden Aroc
(Far til Citagardens M-kull, som eg er veldig fornøgd med - har ikkje fleire kull)
HD A AD 0 HD-index: 111
DM-fri
MH (sjå lilla merke i skjema for MH-unghundbeskriving)
Godkjent ettersøkshund i Norske Redningshunder.
Om tispa:
Citagardens Kela
f. 19.mai 2022 -etter Citagardens Ezra og Orex Aykmar
HD B AD 0 HD-Index: 105.00 juli 24
Citagardens Kela’s er testa i MyDogDna, Wisdom Panel - Percentage of Heterozygosity 31% GDI, (ikkje det samme som COI) Kela er DM-bærar.
Homozygot normalhår.
Gjennomført MH unghundbeskriving, 13 mnd - Hønefoss juni 23.
Utst. tysk mønster G, 15 mnd - Bergen august 23. Dommar: Svein Nilsen
Godkjent K-test (pga avlsgodkjenning i NSchK) - Bergen oktober 23.
Avlsgodkjent NSchK, nesten 17 mnd - Finstadbru oktober 23. Dommar: Leif Belgen
Bestått Ferdselsprøve, 2år 4mnd - Bergen sept 24. Dommar: Karl Otto Ojala
Bestått NKK Kåringsprøve, 2år 5mnd - Bergen okt 24. Dommar: Alf Skaar
dermed Avlskåra NSchK.
Bestått IBGH1, ca.3 år - Sotra mai 2025 Dommar: Heidi Tokstad
Linjeavlsauke (IC)
5 generasjonar 0%
7 gen 0,2%
11 gen 0,75%
Tapt stamfar (ALC)
5 generasjonar 100%
7 gen 92,52%
11 gen 56,16%
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.12.2025 kl. 08:45 ・ FINN-kode: 442439161