Elektroingenør
Modalen Kraftlag SA
- Frist 10.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Stilling ledig 100%
Modalen Kraftlag søkjer ingeniør med installatørpapir
Modalen Kraftlag skal tilsetja ein ingeniør med godkjende installatørpapir. Arbeidet omfattar leiing, drift, vedlikehald og nybygging av linjenettet, samt oppfølging av eksisterande kraftverk og nye småkraftverk.
Stillinga er svært allsidig og vil innehalda oppgåver innan elektro, mekanisk og anlegg, i tillegg til leiing og driftsrelaterte arbeidsoppgåver. Den som vert tilsett, vil inngå i kraftlaget si vaktordning for linjenettet og kraftstasjonane.
Som eit lite kraftlag er me særleg avhengige av tilsette med brei fagkompetanse, som kan arbeida både sjølvstendig og i tett samarbeid med andre. Regional tilhøyrsle vil vera ein fordel. Stillinga krev fysisk tilstadevering på kontoret i Modalen, men delar av arbeidet kan utførast frå heimekontor.
Kvalifikasjonar (fortrinnsvis):
Elektroingeniør eller teknisk fagskule med relevant tilleggsutdanning
Godkjenning som elektroinstallatør
Fagbrev som energimontør/elektrikar
Minimum 5 års erfaring, gjerne frå kraftbransjen
Erfaring med leiing og prosjektarbeid
Erfaring frå kraftverk og nett er ein fordel
God forståing for HMS
Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B. Klasse BE og C er ein fordel
Kontakt og søknad
Spørsmål om stillinga kan rettast til post@modalenkraftlag.no eller tlf. 952 26 085 (Simon Flatekval).
Søknad sendast til post@modalenkraftlag.no innan 10. mars 2026.
Ferdigheter
- Detalj prosjektering/ engineering elektro
- Helse- og sikkerhetsbevissthet
- Installasjon av elektriske anlegg
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Modalen Kraftlag SA
Modalen Kraftlag SA er eigd av kundane i Modalen kommune og driv produksjon og distribusjon av kraft i kommunen. I desember 2024 vart verksemda delt i to datterselskap: MK Kraft AS, som har ansvar for produksjon og sal av kraft, og Mostraum Nett AS, som har ansvar for nettet.
Kraftlaget har i dag fire stillingar som arbeider med drift, vedlikehald og nybygging av linjenettet og kraftstasjonane. Selskapet har to småkraftverk i drift, og eit tredje kraftverk er no i ferd med å bli sett i produksjon. I tillegg har kraftlaget konsesjonar for to nye småkraftverk som er planlagt utbygd i perioden 2026–2028.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Balane 39, 5729 Modalen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, kraftverk, elektroingeniør, teknisk fagskule, energimontør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450413426
- Sist endret
