
Innhaldsprodusent til nettbasert behandling
Helse Bergen HF
- Frist 23.02.2026
- Ansettelsesform Engasjement
2-årig engasjement som innhaldsprodusent for nettbasert behandling
Haukeland universitetssjukehus og Helse Vest har ei offensiv satsting på digitale helsetenester og nettbasert behandling. Digitale helsetenester er viktig for å kunne møte framtidas pasientstrøm og auke pasientinvolveringa. Ein sentral del av dette er nettbasert behandling; både internettrettleia behandling, sjølvhjelp/eigenmeistring og kombinasjonen av digital og fysisk oppfølging.
E-helse har oppretta eit eige team, DigiHub, som jobbar med innhaldsproduksjon til digitale helsetenester. DigiHub er eit tverrfagleg team som har spesialisert seg på digital formidling, innhaldsproduksjon og innhaldsforvaltning. Vi utviklar innhald til fleire prosjekt innan nettbasert behandling i heile Helse Vest.
Vi søker ein engasjert innhaldsprodusent i 100% engasjement dei neste 2 åra.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide sjølvstendig og i team for å levere prosjekt innanfor faste tidsfristar
- Samarbeide med brukarrepresentantar, innhaldsprodusentar, helsepersonell, IKT-leverandørar, m.fl. om å lage digitale helsetenester som dekker brukaren sine behov
- Ansvar for å leie produksjon av video- og lydinnhald til digitale helsetenester. Du kjem og til å lage anna innhald som tekst og visuelle element
- Produsere, vidareutvikle og kvalitetssikre innhald som er pedagogisk og universelt utforma
- Tilpasse og utvikle innhald basert på brukartesting, innsikt og tilbakemeldingar
- Bidra til å bestille innhald frå leverandørar, og kontrollere leveransar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, eller særleg relevant erfaring
- Lang erfaring med å produsere engasjerande og pedagogisk innhald i form av video, lyd, og liknande
- Erfaring med å produsere engasjerande og pedagogisk tekstleg innhald
- Erfaring med å produsere enkel grafisk design
- Erfaring med å forme innhald slik at det treff ei bestemt målgruppe. Det er ein fordel om du har erfaring med å formidle til pasientar innanfor områda psykisk helsevern, somatikk og/eller rus
- Erfaring med å samarbeide om å drive fram komplekse prosjekt, som krev at du held oversikt over fleire oppgåver om gongen
- Kjennskap til nettbasert behandling og relevante IT-plattformar for nettbasert behandling
Personlege eigenskapar
- Du har særs gode eigenskapar innan produksjon av video og lyd
- Du har særs gode eigenskapar innan digital og skriftleg formidling
- Du trivast med å jobbe prosjektbasert og med å levere innanfor faste tidsfristar
- Du samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider sjølvstendig og er opptatt av å levere med god kvalitet
- Du trivast i eit miljø i utvikling
Vi tilbyr
- Eit spennande og innovativt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å vere med å forme og utvikle digitale helsetenester
- Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordning
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digital kommunikasjon
- Grafisk design
- IKT-hjelpeplattformer
- Kvalitetssikring
- Lydproduksjon
- Produksjon av video
- Produsere innhold
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 31, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Internettbaserte tjenester, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Grafisk, Tekstforfatter, Videoprodusent / YouTube-spesialist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nettbasert behandling, Innholdsproduksjon, Digitalisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450347763
- Sist endret

