Bildegalleri
Hardingfele Sverre Sandvik 1991
Til salgs
44 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Hardingfele frå Tinn, med 9 strenger, laga av den kjende hardingfelemakaren Sverre Sandvik i 1991. Dette er ei av dei verkeleg forseggjorte variantane av Sverre Sandvik. Ho er laga med kjærleik for yrket og for god kunst, og fekk namnet «Velaug», noko som tyder på at han har hatt eit personleg forhold til akkurat denne fela.
Heilskapleg og ryddig handverk, med kantarbeid, ornament og symmetri – jamt og presist utført. Dette stemmer godt med Sandvik sitt seinare arbeid. Fela er godt justert og utan skadar. Botn og sargar er reine, lakken er jamn og frisk, med svært ryddig rosemåling og omfattande perlemorsdekor, samt gjennomgåande perlemorinnlegg i gripebrettet med matchande perlemor i bakstykket (stol/halestykke).
Ei flott fele. Ho har eit kraftig og varmt klangmål og ein allsidig tone. Ho er god i fleire toneleie. Responstida er kort. Alt dette gjer henne heilt unik.
Ho har fem lange understrenger som gjev mange og lange overtonar. For dei som ikkje har vore borti dette, betyr det at understrengene bak stolen er festa heilt bak, og dermed er halvparten så lange som strengene framfor stolen. Dette gjev ekstra resonans ein oktav over. Ein annan fordel er at stolen står like beint etter mange år, og at fela er lett å halde stemd.
Fela har fått nye strenger og service, og er klar for mange år framover.
Fela passar perfekt både for yrkesutøvarar og for nybyrjarar eller vidarekomne. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Fela vart sist justert av den kjende felemakaren Atle Tjønnås frå Bø i Telemark.
Personleg oppmøte og utprøving.
Marknadspris:
Det finst òg ei tidlegare annonse på Facebook der ei tilsvarande hardingfele av same felemakar er omtala til ein vesentleg høgare pris (sjå bilete). Dette kan gje ein peikepinn på marknadsnivået for slike feler. Prisen på denne fela er likevel sett lågare, for å gjere ho meir tilgjengeleg for både unge og vaksne utøvarar. Fela er i svært god teknisk stand, med perfekt halsvinkel og oppsett, og har svært god respons og klang.
Sverre Sandvik:
Han gav i 1983 ut boka Vi byggjer hardingfele, det første norske handverket i sitt slag om felebygging, med mål og malar i naturleg storleik – ein ressurs både for handverkarar og interesserte musikarar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.3.2026 kl. 22:14 ・ FINN-kode: 449165280

