
Lærar og miljørabeidar i tilrettelagte elevgrupper
Vestland fylkeskommune
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar og miljøarbeidar i grupper med tilrettelagt opplæring
Tilkallingsvikar som lærar og miljøarbeidarar
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter tilkallingsvikarar til tilrettelagt avdeling i Skogsvåg. Vi ønskjer kontakt med lærarar og miljøarbeidarar som kan ta kortare eller lengre vikaroppdrag.
Arbeidsoppgåver
- Undervise eller arbeide i tilrettelagte grupper.
- Praktisk og teoretisk undervisning / oppfølging tilpassa elevane.
- Tett oppfølging av einskilde elevar.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollega og skuleleiing.
- Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet.
- Legge til rette for at elevane får gode overgangar frå skule til arbeid.
- Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar for miljøarbeidar.
- Yrkesfaglærarutdanning eller allmennfagleg lærarutdanning for lærarvikarar.
- Ønskjeleg at lærarar har spesialpedagogisk utdanning, men ikkje eit krav.
- Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
- Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Gode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit ønskje om å arbeide med denne elevgruppa.
- Vi søkjer etter personar med eit positivt syn på elevar, som er tydelege vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. For meir informasjon ring gjerne avdelingsleiar Beate Fossen Nordborg T. 47 81 02 01
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Yrkeskompetanse
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Spesialpedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøarbeider, Vikar, Lærer, Tilrettelagt opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449149719
- Sist endret