
1 års vikariat for sykepleier/ vernepleier p.t på natt, 27 % stilling og ca. 50 % stilling
Helse Bergen HF
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
1 års vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar p.t på natt, 27% og ca 50% stilling
Rus- og avhegigheitsklinikken (tidlegare Avdeling for rusmedisin) består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar.
Seksjon Askøy er ein døgneining for døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 28 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Gjennom behandlingstilboda våre ønsker vi å legge til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at den enkelte kan finne tilbake til eit godt daglegliv.
Seksjon Askøy har ledig to vikariat i henholdsvis 27% og ca. 50% stilling, for sjukepleiar eller vernepleiar, for tida med arbeidstid på natt i langvaktturnus, med arbeid i snitt kvar fjerde helg. Vikariata er ledig frå snarast og til 2. mars 2027.
Arbeidsoppgåver
- Generell pasientoppfølging
- Miljøterapeutisk oppfølging og behandling av pasientar i samhandling med tverrfagleg team
- Medverke til å skape trygge rammer for pasientane
- Dokumentasjon i aktuelle journalsystem
- Medikamenthandtering
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
- Kunne dokumentere i tråd med nasjonale lovar og retningslinjar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad n
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
- Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Pedagogiske evner er ein foresetnad
- Du toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå, med utfordrande og spennande arbeidsoppgåvar
- Regelmessig internundervisning og andre utviklingsmuligheter
- Godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Langvaktturnus, for tida med arbeid i snitt kvar fjerde helg
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Pasientbehandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haugane 8, 5307 Ask
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vikariat, Natt, Helse Bergen, AFR Askøy
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446339314
- Sist endret