
Sommarvikariat som assistent innan Psykiatrisk 2026
Helse Bergen HF
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarvikariat som assistent innan Psykiatri
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledige vikariat i sommar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden som oppgitt og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker.
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
* Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Psykiatrisk Akuttmottak, PAM1, PAM2 Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Avdeling akutt psykose, seksjon S3, S4,S5 og TPS: Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 2/3. kvar helg
* Seksjon for alderspsykiatri: Har behov i vekene 25-33. 2 delt turnus, 3. kvar helg
* Øyane DPS, Psykose- og Allmenn døgn: Har behov for både 2-delt turnus og på natt i ulik stillingsstørrelse
* Kronstad DPS, Psykose- og Allmenn døgn: Har behov frå 23 juni. 2/3 delt turnus, 3.kvar helg
Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du må ha erfaring frå psykiatri/rus/miljøarbeid
- Du er under helsefagleg utdanning eller annan relevant utdanning
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Psykiatrisk pleie og omsorg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 20
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Assistent, Sommer, Psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447490874
- Sist endret
