Sommarvikar Bergen Fengsel
Bergen fengsel
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ynskjer du ein meiningsfull, unik og godt betalt sommarjobb?
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer betjentar, sommarvikarar og timevikarar.
I Bergen Fengsel er det mange arbeidsoppgaver og aktiviteter som skal gjennomføres sammen med de innsatte. For at vi skal ha et velfungerende lite samfunn, trenger vi motiverte sommervikarer som kan hjelpe oss i å opprettholde aktiviteten og driften i fengselet.
Som betjent må ein ha evne til å halde ved lag ro, orden og tryggleik i fengselet, evne til tryggleikstenking, grensesetjing og rettleiing av dei innsette.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. I Bergen fengsel har vi fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.
Er du ein engasjert, positiv og raus person som brenn for å gjera ein forskjell? då ynskjer vi å høyre frå deg!
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert. Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts (https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8Exqts)
Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts
Arbeidsoppgåver
- bistand og rettleiing til innsette når det gjeld straffegjennomføring
- vareta ro, orden og tryggleik i fengselet
- utføre daglege gjeremål på avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Det må påreknast modulbasert HMS-opplæring i tryggleik.
Utdanning og erfaring
Du må
- oppfylle krava til opptak ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (fylt 20 år innan det året du søkjer, generell studiekompetanse eller tilsvarande innan oppstart, fysisk test - som må bestås). Meir om krava kan du lesa om her www.krus.no. (https://www.krus.no/opptakskrav.520927.no.html)
- ha god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
- ha førarkort klasse B
Følgende er ynskjeleg
- erfaring frå arbeid med menneske
- politihøgskulestudent
personleg egnethet for yrket vert vektlagd og vurderte på bakgrunn av alle opplysningar som kjem fram i søknads- og opptaksprosessen, inkludert under intervju.
Opptak/intervju
På intervjudagen i veke 9 23.02.26 - 27.02.26 vil kandidatane fyrst bli testa i dei fysiske opptakskrava til KRUS. For å kome vidare til intervju må ein bestå desse. Det er viktig at ein er tilgjengeleg denne veka. Dag for test og intervju blir avtala nærare etter at søknad er motteken.
Opplæring
Den som vert tilsett må vere tilgjengeleg for opplæring på dagtid i veke 15 og 16.
Vidare bør ein vera tilgjengeleg frå veke 26 fram til 33. Tilgjengelegheit i desse vekene vil bli prioritert i vurderinga.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til tryggleikstenking og grensesetjing
- evne til å rettleie og motivere menneske i ein vanskeleg situasjon
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine
Stillinga blir løna som 1078 betjent fra kr 405 000 - 474 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kompensasjon for ubekvem arbeidstid kjem i tillegg det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til HR v/Are Kvamme tlf. 55393760, are.kvamme@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
FerdigheterAI-generert
- HMS kurs
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 30
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Vakt og sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447065327
- Sist endret


