Bildegalleri
To Oscar Jacobson Kristopher-rollnecks i grå og beige
Til salgs
Frakt fra 25 kr + Trygg betaling 62 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Størrelse: L
Merke: Oscar Jacobson
Farge: Flerfarget
Sel to godt brukte turtleneck/rollneck-gensarar frå Oscar Jacobson i storleik L i fargane grå og beige. Begge to er klassiske fargar. Eg sel dei samla, så prisen er for begge.
På eit tidspunkt fekk eg det for meg at eg skulle fjerne alt av merkelappar på dei, så det einaste som står att er L på den eine av dei, men frå nettkjøpet mitt ser eg desse modellnamna:
- Oscar Jacobson Kristopher Rollneck Brindle Beige
- Oscar Jacobson Kristopher Rollneck Grey Melange
Dei er kjøpt i 2020 og av det eg finn på nettet er det 75 % alpakka og 25 % polyamid. Dei er ikkje så veldig tjukke, men varmar greit likevel. Dei følast mjuke og gode, og er nyleg vaska.
Dei blei på eit tidspunkt slite hol på albogene, så eg kjøpte skinnlappar på Selfmade og sydde på dette. Resultatet blei ikkje det finaste i verda, men det gjer susen. Elles har eg gått over med nuppefjernar, men nokre smånuppar kan ein nok finne.
På grunn av skinnlappane ville eg nok brukt dei meir på tur og på hytta enn blant folk, sidan dei har litt tyngde og ikkje går "heilt i eitt" med gensaren.
Storleiken på den beige er:
- ca. 56 cm brei
- ca. 71 cm lang
- ca. 80 cm lang frå hals til enden av ermet
Storleiken på den beige er:
- ca. 54 cm brei
- ca. 70 cm lang
- ca. 78 cm lang frå hals til enden av ermet
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.1.2026 kl. 16:51 ・ FINN-kode: 446415941