
Assistent
Helse Bergen HF
- Frist 21.01.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Assistent
Vinterdalen barnehage ligg idyllisk til i Sandviken, med flott utsikt over Byfjorden og kort veg til naturen. Vi er ein av fire barnehagar knytt til Helse Bergen, med om lag 60 barn og 15 engasjerte tilsette fordelt på fire avdelingar. Storleiken gir oss eit nært og trygt arbeidsmiljø – samtidig som vi har eit mangfald av perspektiv og kompetanse.
Hos oss får du vere med på å skape gode opplevingar for barn i alderen 1–6 år. Vi legg vekt på leik som den viktigaste arenaen for læring og utvikling. I barnehageåret 2025–2026 har vi særskilt fokus på leikemiljøet – vi jobbar aktivt for å skape inkluderande møteplassar der alle barn kan delta og oppleve meistring.
I tillegg er livsmeistring og helse eit satsingsområde for alle dei fire barnehagane. Vi ønsker å gi barna tryggleik, trivsel og livsglede i kvardagen, slik at dei bygger eit positivt sjølvbilde og blir rusta til å møte livets utfordringar.
Vinterdalen barnehage tilbyr 100% stilling som assistent/fagarbeidar i perioden 19.01. - 31.07.2026.
Vedkomande som får tilbod om stillinga må legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre, evaluere og dokumentere aktivitetar med barn i alderen 0-6 år
- Delta aktivt i arbeidet med barn i alderen 0-6 år og ha medansvar for å skape eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø
- Samarbeide med øvrig personale om praktiske arbeidsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
- Gi omsorg og ta aktivt del i å støtte barna i leik samspel og venskap
- Ha medansvar for å skape eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø
- Dagleg kontakt med føresette
Kvalifikasjonar
- Engasjement for barns utvikling gjennom gode opplevingar og erfaringar i barnehagen
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Imøtekommande, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Positiv bidragsytar til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
- Stabil og omsorgsfull
- Respektfull og evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
- Leikande, nysgjerrig og utforskande saman med barna
- Evne til å ta ansvar og ha oversikt over barnegruppa
- Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette
Vi tilbyr
- Attraktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette
- Godt fagleg miljø i utvikling Morglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Flotte barn og engasjerte foreldre
- Løn i henhald til gjeldande oveinskomst
- Spennande og engasjerande arbeidskvardag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehage, assistent, Helse Bergen, barne- og ungdomsarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445801419
- Sist endret

