Bildegalleri
Idar Handagard: Det small ut ei fonn
Til salgs
Frakt fra 25 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Norsk Bokhandel, Oslo, 1952. Usprettet.
Se også mine andre annonser.
«Idar Handagard var lege og forfattar, men interessene hans var vidfemnande, og han engasjerte seg på mange område i samfunnsdebatten ved sida av at han var diktar. Lyrikken hans går frå kjærleiksdikt til salmar. Han gav ut lærebøker som spenner frå helselære til verselære, og småskrifter med tema frå Welhaven og Vinje til grønlandssak, fråhaldssak og målsak.
Av diktinga til Handagard er berre ei bok på prosa, novellesamlinga Det small ut ei fonn frå 1952. Resten er vers i mange og store samlingar, m.a. Under blaat flag, Livsens leik, Isgang, Folkekrav, Turrmanns visor, Tri norrøne folk, Granskaren og Sekstan diktarar (omsettingar).
Målreisingsarbeidet var viktig for Handagard, og ved sida av sjølv å dikte på nynorsk, omsette han også fleire utanlandske diktarar til nynorsk, som Shakespeare, J. F. Cooper, H. W. Longfellow og andre. Han reindyrka nynorsk til medisinsk og anna vitskapeleg bruk. Han var med og stifta Studentmållaget, og 1910 stifta han Norskt Bokmannslag, som hadde som mål å arbeide for nynorsk litteratur og hjelpe forfattarane til betre vilkår, og han var formann her i fleire år.
Saman med kona si starta Handagard Norsk Bokhandel, som gav ut dei fleste bøkene hans dei seinare åra. Frå 1932 hadde han statsstipend til vitskapeleg arbeid. Frå 1937 redigerte han og gav ut Bokmannen, tidsskrift for diktekunst og opplysning. Han var også styremedlem i Norsk Måldyrkingslag, der han stod for årsskriftet Fram då frendar.
Handagard reiste mykje rundt i Noreg, mest til fots, og han gjekk mykje i fjellet. Han sa om seg sjølv at “eg kjenner ingen annan norsk bokmann umfram Vinje som hev reist so mykje i sitt eige land”, og han la til: “– aa fara aaleine i fjellet det gjev sjølvtillit, millom menneskjorne og.”»
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.12.2025 kl. 11:06 ・ FINN-kode: 443389246




