Helsefagarbeider 95 % fast stilling
Øygarden kommune Straumehagen
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Straumehagen omsorgsbase
Om avdelinga:
Straumehagen omsorgsbase ligg sentralt på Straume og yter tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Det er ei tverrfagleg samansett personalgruppe. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på.
Det er ein baseleilighet som er knytt til nokre av leilighetene. Elles bur tenestemottakarane sentralt på Straume.
Vi har no ledig 95 % stilling der 5 % er knytt til timebank
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn og oppfølging av bebuarane
- Vere ein trygg kontaktperson
- Bidra til dagleg omsorg
- Stell og pleie
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Ufaglærte kan også bli vurdert dersom kvalifiserte søkjarar ikkje melder seg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med målgruppa
- Førarkort, klasse B
Personlege eigenskapar:
- Trygg
- Fleksibel
- Sjølvstendig
- Løysningsorientert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Torill Wikse Rognskog 474 82 676
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Grunnleggende sykepleie
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442531699
- Sist endret
