
Fagansvarleg for tapping av blodgivarar ved Voss sjukehus. Kombinert stilling ved MBF og AIT
Helse Bergen HF
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer fagansvarleg for tapping av blodgivarar ved Voss sjukehus– kombinert stilling ved MBF og AIT
Ser du etter ein jobb kor du kan fordypa deg innan eit fagområde?
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til ein delt stilling mellom Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) og Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT). Stillingen er organisert slik at:
* 60% grunnstilling tilhøyrar MBF
* 40% fagstilling tilhøyrar AIT
Dette gir en unik moglegheit til å arbeide i to spennande fagmiljø med varierte oppgåver og bred kompetanseutvikling.
Kva kan vi tilby deg?
Fagleg mangfald: Du får arbeide innan fleire laboratoreifagfelt som gir anledning til fagleg utvikling på tvers av spesialitetar. Laboratoriet omfattar mellom anna hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Vi tilbyr eit godt opplæringsprogram for nytilsette og legg til rette for vidare kompetansebygging. Utlyst fagstilling er knytt til seksjon for blodgiving ved AIT.
Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Hos oss møter du eit triveleg og engasjert team der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å levere trygge og presise laboratorietenester.
Balanse mellom jobb og fritid: Turnusordninga gir rom for fleksibilitet og fri på dagtid i vekedagar. Voss er omgitt av fin natur og har eit rikt utval av aktivitetar året rundt - frå fjellturar, sykling og rafting til alpint og paragliding. Her finn du ein arbeidskvardag som let seg kombinere med eit aktivt liv utanfor jobben. Som ein bonus får du årskort ved Voss Resort det første året som tilsett.
Kultur og fellesskap: Voss har eit levande lokalmiljø med festivalar som Vossajazz, Ekstremsportvako og Voss Cup, samt eit breitt kulturtilbod og sterke idrettstradisjonar.
Konkurransedyktig lønns- og vilkår: Vi tilbyr lønn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknyting. For deg som kjem utanfår, har vi gode ordningar for bustad og flytting.
Voss - ei bygd i vekst: Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tar berre om lag 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.
Stilllinga lyses ut som ei dagstilling, men for bioingeniørar kan det i periodar vere aktuelt med aften og nattevakt (aleinevakt).
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta undervegs i prosessen. Oppstart etter avtale.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. Her kan du lese meir og få informasjon om Voss sjukehus
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fagområdet tapping av blodgivarar
- Rekruttering, intervju og tapping av blodgivarar
- Oppfølging og utarbeiding av prosedyrar
- Halda seg oppdatert innanfor fagområdet tapping av blodgivarar
- Kvalitetsarbeid knytt til fagområdet
- Rettleiing av studentar og tilsette på seksjonen
- Delta i dagleg rutinearbeid ved seksjonen. Dette inneber arbeid knytta til fagfelta hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar
- Blodprøvetaking
- Andre oppgåver kan tilkome
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant helsefagleg utdanning
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå medisinsk laboratorium og tapping av blodgivarar kan vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- Opptatt av god pasientbehandling
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet
- Set pris på å samarbeide med kollegaer, men har óg evne til å ta sjølvstendige avgjerder
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med breidde, variasjon og fagleg utvikling
- Trygg og god opplæring for nytilsette
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
- Arbeid på dagtid med helgevakter kvar 3. helg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknyting
- Rekrutterings- og behaldartillegg på kr. 50 000,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
- Hjelp til bustad og flytting, samt fordelar for deg som kjem til Voss
- Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
- Bu- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Blodoverføring
- Hematologi
- Klinisk biokjemi
- Medisinsk laboratorieteknologi
- Ta blodprøver
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagansvarlig blodgivere, fagansvarleg, medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), immunologi og transfusjonsmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442529877
- Sist endret
