Sommarjobb 2026 innan kart, data og VA
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
- Frist 15.01.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Studerer du Landmåling, Dataingeniør eller Bygg/VA og har interesse for VA? Då er dette noko for deg!
VA-forvaltning i Bjørnafjorden kommune søker 2 til 4 engasjerte studentar til sommarjobb 2026. Vi jobbar med å kartlegge og kvalitetsheve leidningsnettet vårt, ein verdifull ressurs for alle aktørar i kommunen.
Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggaraneog lokalsamfunnet.
Arbeidsoppgåver
- Innmåling og innhenting av dokumentasjon på leidningsnett
- Registrering og oppdatering av data i Gemini VA, QGIS og ArcGIS Pro
- Moglegheit for oppgåver knytt til: Modellering, testing og enkel kalibrering av avløpsrøyrmodellar i EPA SWMM, databehandling og automatisering (f.eks. med QGIS, Python, avansert Excel m.m.).
- Oppgåvene kan tilpassast etter din faglege bakgrunn og interesse.
Vi ser etter deg som:
- er student innan Landmåling, Dataingeniør eller Bygg/VA-teknikk
- er strukturert, sjølvstendig og har god IKT-forståing
- har interesse for VA-faget og kommunal infrastruktur
- har, eller tek, Arbeidsvarslingskurs 1 (vi dekker det)
- har førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Triveleg fagmiljø med høg kompetanse
- Verdifull arbeidserfaring innan VA og kart
- Naudsynt opplæring
- Løn etter gjeldande avtale
- Fleksibel arbeidstid med tilkallingsavtale
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- ArcGIS
- Automatisering
- Behandle data
- Kunnskaper i Gemini VA
- Landmåling
- Oppmålingstjenester
- Python (dataprogrammering)
- QGIS
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Oppmåling og kartlegging, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
student, kart, VA, data, sommarjobb
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442497757
- Sist endret
