
Er du student og vil ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune 2026?
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du student og vil ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune 2026?
Er du student eller heilt nyutdanna innan ein ingeniør-/teknisk fagretning og ynskjer deg ein relevant og
utfordrande sommarjobb innan infrastruktur og veg, då må du lese meir her:
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver somvegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre.Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnetsitt behov for transport og fremmar regional utvikling.
Avdelinga søkjer for sommaren 2026 inntil 10 sommarvikarar med arbeidsstad primært i Bergen ellerLeikanger. Vi tilbyr varierte oppgåver der du vil ha din arbeidskvardag både inne på kontoret og ute påoppdrag. Vi ber deg skrive i søknaden kva eining og lokasjon du ynskjer å søkje på, samt kva tidsperiodedu kan arbeide i.
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar hos oss vil du få god opplæring, spennande og relevante arbeidsoppgaver, eigen fadder
og bli kjend med kunnskapsrike kollegaer i eit sterkt fagmiljø.
Følgande einingar og arbeidsoppgåver er aktuelle:
Geodata:
- NVDB oppdatering
- Ulykkesanalyserapport
- GIS-oppgåver
- Innsamling av trafikkdata
Til desse oppgåvene vil det vere ein fordel med studieretning geomatikk. Kontorstad er Bergen eller Leikanger.
Geo og skred:
- Fagleg rådgjeving og prosjektering innan planprosjekt og drift-og vedlikeholdsoppdrag.
- Skredfaglege vurderingar i felt Vegteknologisk bistand innan forsterkningstiltak
Det vil vere ein fordel med studieretning ingeniørgeologi, vegteknologi eller geoteknikk. Kontorstad er Bergen, Leikanger eller Voss.
Elektro:
- Kartlegging av felleføringsanlegg (fiberaktører på veglysanlegg eid av fylkeskommunen)og etablering av avtaler med leigetakarar.
- Kartlegge behov for skogrydding på veganlegg med veglys.
- Registrering av ledningsanlegg og tennskap for veglysanlegg i digitalt kartverktøy.
- Kontroll av strømregninger for umålte veglysanlegg etter skifte til LED
Relevant studieretning vil vere t.d innan elektro. Du må ha sertifikat kl.B. Kontorstad er Bergen.
Vedlikehald bru og kai:
- Bruinspeksjonar
- Registrering av inspeksjonar i BRUTUS.
Relevant studieretning for desse oppgåvene vil vere konstruksjonsteknikk bygg. Du må ha sertifikat kl. B. Kontorstad er Bergen.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som er under utdanning eller nyleg har fullført, primært på bachelor-/masternivå, innan relevant ingeniør-/teknisk fagretning.
Du har generelt gode datakunnskapar og interesse i å setje deg inn i nye system.
Personlege eigenskapar
Kven er du?
Du trivast med sjølvstendig arbeid, men også i samarbeid med andre. Du har godekommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. For å kunne dra ut på oppdrag og befaring er det naudsynt med førarkort kl. B.
Vi tilbyr
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
- god opplæring og fadderordning.
- eit godt og inkluderande fagmiljø.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Geomatikk
- Geoteknisk undersøkelse
- GIS
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: 5008 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommer, Student, Ingeniør, Veg, Samferdsel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442542068
- Sist endret