Innholdsprodusent
Kattnakken AS
- Frist 15.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer innhaldsprodusent / SoMe-entusiast til Kattnakken
Har du drøymt om å bli influensar, eller berre elskar å lage innhald og spreie godt humør?
No kan du bli Kattnakkens eigen influensar.
Me ser etter ein kreativ, engasjert og smilande person som vil vere med å gjere Kattnakken endå meir synleg i sosiale medium.
Hos oss får du bruke kreativiteten din kvar dag. Du skal lage innhald til Instagram, Facebook, TikTok og Snapchat – små filmar, stories og augeblikk frå kvardagen som viser livet i regnet.
Dette skal du gjere:
Lage dagleg innhald (bilete, video, stories, reels, TikToks og snaps), både framfor og bak kamera
Planleggje og publisere innhald saman med marknadsavdelinga
Fange små augeblikk og historier som viser kven Kattnakken er
Delta på innspelingar, event og kampanjar
Delta på produksjon av live-sendingar
Støtte marknadsavdelinga der det trengst – til dømes ved å sende nyheitsbrev og bidra i andre marknadsføringsoppgåver
Vere fleksibel og hjelpe til med andre oppgåver når det trengst i kvardagen, også utanfor rein innhaldsproduksjon
Me ser etter deg som:
Er aktiv på sosiale medium og likar å formidle
Tør å bruke deg sjølv framfor kamera – med glimt i auga
Er kreativ, sjølvstendig og får energi av å skape
Har god språkfølelse og sans for visuell kommunikasjon
Klarar å kjenne deg att i målgruppa vår – familiar, born og vaksne som likar å vere ute, uansett vêr
Har god kamerahandtering på mobil; du veit korleis du fangar gode vinklar og lys, og er vane med å redigere.
Det er kjekt om du har erfaring med:
Redigering på mobil eller i Adobe Premiere
Enkle storyboards og planlegging av innhald
Publisering i Meta Business Suite eller TikTok Creator Studio
Kjennskap til korleis ein tilpassar innhald til ulike plattformer
Me tilbyr:
Ein unik moglegheit til å vere med å byggje Kattnakken vidare i sosiale medium
Eit varmt, kreativt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein variert kvardag der du får jobbe både med innhald og marknadsføring. Og kjekke folk!
Løn etter avtale
I utgangspunktet ei fulltidsstilling
Kort fortalt:
Du er den som får folk til å smile, stoppe opp, og kanskje kjøpe ei regnjakke.
Kjenner du deg att?
Då vil me gjerne at du sender oss ei kort søknad og ein videosnutt på inntil 45 sekund, der du fortel litt om deg sjøl, eller kanskje om eit produkt du likar ekstra godt (videosnutten får du ikkje lasta opp i søknadsskjemaet til Finn, så legg gjerne den ved via en link i skjemaet).
Ferdigheter
- Kameraføring
- Produsere innhold
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kattnakken er eit vestlandsbasert klesselskap som lagar heilt tett regntøy av høg kvalitet til både born og vaksne. Merkevara vår er sterk, og me er kjende for solid handverk, friske fargar og ein leikande, ekte måte å møte verda på, også når det regnar. Filosofien vår er enkel: Me skal ut, uansett vêr.
Me er ein liten, engasjert gjeng som brenn for kvalitet, kundane våre og merkevara me bygger kvar dag. Her jobbar design, marknad, kundeservice, butikk og lager tett saman. Me er uformelle, løysingsorienterte og hjelper kvarandre når det trengst.
Kattnakken er i sterk vekst, og no vil me styrkje laget med ein kreativ person som kan vere med å løfte innhaldet vårt og vise fram regngleda til endå fleire.
- Sektor: Privat
- Sted: Vabakkjen 6, 5411 Stord
- Bransje: Internettbaserte tjenester, Markedsføring og annonsering, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Innholdsprodusent, Markedsfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innhaldsprodusent, sosiale medium, kreativitet, marknadsføring
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438279023
- Sist endret


