
Rådgjevar i PST Vest, Vest politidistrikt
Vest politidistrikt
- Frist 21.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til Norges sikkerhet og være en del av et sterkt fagmiljø?
Om stilling
PST Vest søkjer ein strukturert og engasjert rådgjevar til ei fast stilling med varierte oppgaver innan både administrasjon og fag. Du vil ha ei sentral rolle i økonomi- og budsjettarbeid, planlegging og dokumentasjon, samt bidra fagleg i etterretningsprosessar. Stillinga gir stor variasjon og stort ansvar, og krev høg grad av diskresjon og integritet. Fordelinga mellom administrative og faglege oppgåver vil variere etter behov. Noko reiseverksemd må påregnes. Det er ynskjeleg med oppstart 01.03.26.
Søkjarer må tilfedsstille krav til sikkerhetsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG. For å verte sikkerhetsklarert må kandidaten være villig til å gje personlege opplysningar om seg sjølv og sine næraste. Det vert anmoda om å vise diskresjon om du søkjer stilling i PST, meir informasjom om dette blir gitt i løpet av søknadsprosessen.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Me ser etter handlekraftige personar som har interesse for PSTs samfunnsoppdrag og som kan tenkja seg å avklara alvorlege bekymringar innan PSTs mandat.
Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til einkvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som en god ambassadør for PST gjennom dine holdningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evnen til å bygge tillit til publikum er avgjerande for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er blant anna dette noko me vil leggje vekt på, samt evnen til å bidra til et inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
PST er Noregs nasjonale innanlands etterretnings- og tryggingsteneste og har ei viktig rolle i vernet om demokratiet, borgarane og viktige samfunnsinteresser. PST er ei flerfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST skal indetifisere og vurdere truslar knytta til etterretning, sabotasje, spreiing av masseødleggelsesvåpen, terror, ektremisme og og truslar mot stryresmaktpersonar. PST har hovudkontor i Oslo samt kontor i alle politidistrikt.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver innan økonomi, budsjett og arkiv
- Arbeidsplanar for eininga
- Utarbeide og vedlikehalde planverk og dokumentasjon
- Oppfylging og ansvar i fleire av våre datasystem
- Bidra fagleg innan innhenting, etterretning og analyse på oppdrag frå leiar
- Andre administrative oppgåver på oppdrag frå leiar
Fordeling mellom administrative og faglege oppgåver vil variere ut frå behov ved eininga
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system og verktøy
- Kunne takle ein arbeidskvardag med varierte og skiftande arbeidsoppgåver
- God muntleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet/PST. Politiattest (uttømmande og utvida, jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41)
- Tilfedsstille krav til sikkerhetsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG. Sikkerhetsklarering må føreligge før evt. ansettelse.
Det er også ønskjeleg med:
- Kjennskap til politiets organisering og PSTs samfunnsoppdrag
- Kjennskap til etterretningsfaget og etterretningsprosessen
- Erfaring frå PST eller PST sine samarbeidspartnere er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Jobbar systematisk og med heilheitleg tilnærming, samtidig som du har auge for detaljer - også i hektiske perioder.
- Er effektiv og strukturert i gjennomføring av arbeidsoppgaver.
- Har fleksibilitet og tilpasningsevne til varierte og skiftande oppgåver.
- Har god vurderings- og beslutningsevne, også under tidspress.
- Har gode relasjons- og kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og bidreg til godt samarbeid internt og eksternt.
- Er kreativ, motivert, sjølvstendig og handlekraftig, og tek initiativ til forbedringer.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Stillinga vert lønna som (rådgjevar stillingskode 1434) med årslønn frå kr 710.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (dagtid, turnus, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, o.l)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Behersker IT-/datasystemer
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Forstå, skrive og lese norske tekniske dokumenter
- samle opplysninger fra fysiske eller elektroniske kilder
- Sikkerhetsklarering
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Analyse, Kontor og administrasjon, Rådgivning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440486871
- Sist endret
