Kjedesalssjef / Key Account Manager
Lerum AS
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Kjedesalssjef / Key Account Manager
Lerum er leiande leverandør av saft og syltetøy i Noreg. Sidan 1907 har Lerum safta og sylta i Sogn, og framleis er verksemda 100 % eigd av familien Lerum. Lerum har dei siste åra fått fleire bransjeutmerkingar for arbeidet sitt med å skape vekst med merkevarene Lerum og ZERoh! Dei siste åra har Lerum blitt eit nordisk konsern etter etableringar også i Sverige og Finland.
I 2024 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på ca. 869 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum sitt hovudkontor ligg i Saftbygda i Sogn. Vårt sals- og marknadskontor ligg sentralt i Asker.
Lerum søker to kjedesalssjefar / key account managers
Vårt kompetente og hyggelege sals- og marknadskontor i Asker skal no forsterkast med to kommersielt sterke kjedesalssjefar / key account managers som vil få ansvar for å drive vår vidare vekst gjennom å utvikle fleire av våre kundeforhold i den norske daglegvaremarknaden.
Kan det vere deg? I så fall vil du bli Lerum sin hovudkontakt og brubyggar for dine kundar, og ha ansvar for å fremje godt samarbeid og kommunikasjon med dei. Det inneber både ansvar for å forhandle fram og inngå årlege avtalar, så vel som arbeid med kampanjar, nyheiter, sortimentsendringar og kategoriutvikling for å nemne noko. Stillinga inngår som ein del av vårt KAM-team og rapporterer til salsdirektør.
Som kjedesalssjef vil du jobbe tett med store delar av vår verksemd. Høgt tempo, mange ballar i lufta, mykje læring og erfaringsutveksling er noko av det som kjenneteiknar kvardagen vår. For å passe inn i vårt samansveisa team bør du ha fagleg stoltheit, men ikkje ta deg sjølv for høgtidleg. Du må trivast i eit miljø med mykje latter der ein kan by på seg sjølv.
Om du i tillegg både kan og vil trivast med oppgåver der du analyserer og evaluerer tiltak og endringar, identifiserer veksttiltak basert på fakta og innsikt, og finn vinn-vinn-løysingar for kundane våre og for Lerum, høyrer vi gjerne frå deg.
For å lykkast i ei slik rolle hjå oss bør du i tillegg:
- Ha relevant høgare utdanning innan økonomi, marknadsføring eller liknande
- 2-3 års arbeidserfaring som KAM eller liknande stilling, helst innan FMCG. Om du har annan bakgrunn frå FMCG, f.eks frå stilling innan økonomi eller marketing, men ambisjon om å styrke din kommersielle kompetanse oppfordrar vi deg til å søke
- Kunne presentere konsept og idear med engasjement og gjennomføringskraft, og kommunisere godt, både munnleg og skriftleg
- Ha god digital kompetanse innan MS Office, særleg Excel og Powerpoint. Har du i tillegg jobba med løysingar som Power BI, datavarehus eller liknande er det eit stort pluss
- Jobbe strukturert og planmessig
- Ha sterke analytiske ferdigheiter og god forretningsforståing
- Ha generelt gode IT-/datakunnskapar, særleg Microsoft Excel, Power Point og handtering av større datamengder
- Ha kjennskap til AC Nielsen og Trade Solution, samt kjedene sine eigne system og kjedeverktøy, er ein fordel
- Vere ein person som er trygg på seg sjølv, som likar å bli utfordra, og å utfordre
Å bidra til å utvikle Lerum sitt samarbeid med daglegvareaktørar veit vi vil by på både spennande utfordringar og ny læring, og som ein del av eit tett samansveisa team vil vi jobbe saman om å skape lønnsam kategorivekst. Vi håpar derfor dette kan vere ei ny spennande rolle for akkurat deg.
Vi kan tilby deg:
- Å bli ein del av ei verksemd i stadig vekst og utvikling
- Eit spennande fagmiljø med høg kompetanse
- Ei sentral rolle i ei spennande og utviklingsorientert familieverksemd
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsfrist: 04.01.2026
Tilsettingsform: Fast
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med HR-leiar Mathias Grehl 45134554, eller Salsdirektør Espen Børve Andersen 95140316.
BEREKRAFT SIDAN 1907
«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn – kjærleik til frukt og bær.
Ta vare på – Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og Lokalsamfunnet
FerdigheterAI-generert
- Analyzing and Visualizing Data with Power BI
- Digitale ferdigheter
- Handelsindustri FMCG
- Ledelse (universitet)
- Microsoft Office Specialist Excel
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bleikerveien 17, 1387 Asker
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Key account manager, salg, daglig vare, storhusholdning, influenser
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440338321
- Sist endret