Barne- og ungdomsarbeidar/assistent - 80 % vikariat
Alver kommune
- Frist 21.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
VIl du arbeide på skulen vår?
Om stillinga
Ved Ostereidet barneskule er det i perioden 01.01.2026 - 31.07.20265 ledig ein 80 % stilling som assitstent /pedagogisk medarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar.
Ostereidet barneskule har ledig omlag 80% stilling som pedagogisk medarbeidar frå 01.01.26 - 21.06.26 Stillinga kan bli forlenga hausten 26 ved Ostereidet ungdomsskule. Me søkjer i utgangspunktet etter barne- og ungdomsarbeidar, men helsefagarbeidarar, vernepleiarar er òg aktuelle. Personar med anna erfaring frå arbeid med born, kan òg søkja.
Ostereidet barneskule er ein 1 - 7 skule som dette skuleåret har 106 elevar. Det er 17 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg fint til i nærleik til naturen, med kort veg til idrettsanlegg og basseng.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i borna sin leik og aktivitetar.
- Skapa trygge og gode relasjonar til borna.
- Observera og følgja opp einskildborn.
- Bidra til borna si sosiale, motoriske og språklege utvikling.
- Bidra til eit godt og inkluderande miljø for born og vaksne.
- Gjennomføra pedagogiske opplegg
- Delta på nødvendige kurs og intern opplæring.
- Alt etter stillingsstorleik, kan det vera aktuelt med arbeid på skulefritidsordninga SFO.
Kvalifikasjonskrav / ønska kompetanse
Ønskt kompetanse :
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Helsefagarbeidar
- Vernepleiar
- Assistent med relevant erfaring frå liknande arbeid.
Stillinga krev at ein beherskar norsk, og det er krav om gyldig politiattest t tråd med opplæringslova.
Vi tilbyr
Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
God pensjonsordning i KLP.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
Om arbeidsgiveren
Ostereidet barneskule er ligg fint til i lia over ungdomsskulen og er såleis tett knytt til idrettsanlegga på Ostereidet. Dette skuleåret har vi 106 elevar fordelt på seks klassar. Vi er 17 tilsette.
Skulebygget som vi bruker i dag, stod ferdig i 2005. I tillegg har me eit eige SFO-bygg.
Satsingsområda våre er trygt og godt skulemiljø og lesing. Satsinga på lesing er ein del av den "desentraliserte kompetansehevinga" DEKOMP som skulen er deltakar i.
Skulen er elles kjent for å ha mange ulike arrangement i løpet av kvart skuleår. Her kan me me nemna: Trivsels- og vennskapsveka, ulike temaveker, matematikkdagar, engelskdag, ulike fellessamlingar for heile skulen, "Osterstjerner", "Kompani Ostereidet" og fleire.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidavegen 574, 5993 Ostereidet
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent, Vernepleier/miljøterapeut
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440335556
- Sist endret
