Fagarbeidar/miljøarbeidar/miljørettleiar Kleppe skule
Klepp kommune
- Frist 08.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Miljøveileder
Vi treng fleire med på Kleppe skule-laget, og søker nå etter ein motivert og engasjert fagarbeidar eller miljørettleiar i 60-70% stilling som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre.
Stillinga er vikariat frå snarast og til 19.juni 2026. Dersom ønskeleg med 100% kan stillinga kombinerast med SFO-stilling slik at det tilsaman blir 100%. Søk nå, ikkje vent til fristen, vi kallar inn til intervju fortløpande.
Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi er på jakt etter deg som ønsker å arbeide med elevar som har spesielle behov og som er oppteken av å arbeide systematisk for god inkludering og tilrettelegging.
Visjonen vår er Saman om ein god start og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø.
Kleppe skule er ein barneskule med 465 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding, uteområdet vårt er stort og godt og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-7.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og støtte til elevar med spesielle behov.
- Delta aktivt i arbeid med elevar både i klasse, i gruppe og individuelt.
- Rettleiing av elev/elevar, f.eks ved bruk av sosiale historiar og andre metodar
- Setje i gong læringsaktivitetar i gruppe utifrå elevane sine behov
- Samarbeide med personalet
- Elevoppfølging og kontakt med heimen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev barne - og ungdomsarbeidar eller 3-årig høgskuleutdanning innan pedagogikk eller sosialt arbeid. Anna utdanning kan og vere aktuelt. Erfaring frå liknande arbeid kan vurderast i staden for formell kompetanse.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er nødvendig.
- God kompetanse på arbeid med barn /unge som treng hjelp til atferdsregulering og rettleiing i livsmeistring.
- Gode norskkunnskaper
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du har fokus på barnets beste og utvikling til den einskilde elev
- Du er oppteken av inkludering og tilrettelegging
- Du er motivert og engasjert
- Du er god til å skape gode relasjonar
- Du er ein tydeleg og varm vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personleg eigenskap blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vere med å utgjere ein forskjell for elevane saman med dyktige kollegaer.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
- Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Viervegen 10, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Barne- og ungdomsarbeider, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagarbeider, Miljøarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439070066
- Sist endret
