
Matvert
Helse Bergen HF
- Frist 21.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Matvert
Hospitaldrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stilling:
* 1 x 100 fast stilling, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg.
Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 spisestuer.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling av varer og måltid digitalt
- Førebuing og anretting av frukost, lunsj, middag og kvelds i buffé
- Tilrettelegging og levering av måltid
- Oppfølging av diettar og spesialkost i samarbeid med avdelingane
- Påfylling av drikkstasjonar og kuvertar i matstover
- Oppvask, rydding og reinhald av bord, diskar og kjøkkenutstyr
- Kontroll og registrering av temperaturar i samsvar med IK-mat rutinar
- Klargjøring av mat til neste dag
- Handtering av avfall og tekstil i tråd med gjeldande rutinar
- Bidra til eit hyggjeleg måltids miljø for pasientane
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine
- Kjennskap til IK-mat
- Gode IT-kunnskapar
- Matfagleg interesse
- Fagbrev som kokk er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og imøtekommande
Evne til å skapa ein hyggjeleg atmosfære for pasientane. Vere vennleg, tolmodig og ha eit smilande vesen
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
Kunne kommunisera klart med pasientar, kollegaer og anna helsepersonell
Lytta aktivt for å forstå behova og ønska til pasientane
- Empati og omsorg
Vise forståing for situasjonen til pasientane og tilpassa seg individuelle behov
Ha respekt for ulike kulturar, kosthald og helsetilstandar
- Fleksibilitet og tilpassingsevne
Takle varierte arbeidsoppgåver og skiftande rutinar
Vere komfortabel med turnusarbeid (dag/kveld og helg)
- Nøyaktigheit og struktur
Sørgje for korrekt bestilling, anretning og hygiene
Følgje rutinar for mattryggleik og kvalitet
- Initiativ og sjølvstende
Ta ansvar for oppgåver utan å måtta bli instruert heile tida
Vere løysingsorientert når utfordringar oppstår
- Samarbeidsevne
Jobbe godt i team med andre matvertar og kjøkkenpersonell
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Fysisk uthald
Takle eit aktivt arbeid med mykje rørsle, rydding og oppvask
Ha god helse til å stå og gå store delar av dagen
- Interesse for mat og ernæring
Ha forståing for betydninga av ernæring i pasientbehandling
Vere opptatt av å presentere maten på ein appetittvekkande måte
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
Tydeleg og vennleg dialog med pasientar og kollegaer
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Assistere på kjøkkenet
- Avfalls- og gjenvinningsbransjen
- Bestille mat og drikke
- Mattilbereding
- Restaurant (matlaging)
- Skjenking av drikkevarer
- Temperaturkontroll
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 69, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
matvert, kjøkken, spisestue, haukeland sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438955443
- Sist endret

