Lærar med ansvar for skulesymjing
Voss herad
- Frist 15.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar fast stilling 80 %
Voss herad Skulestad skule
Lærar med ansvar for skulesymjing
Fast stilling, 80 %
Voss herad søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar til å leie og vidareutvikle skulesymjinga for barneskulane i kommunen. Stillinga er organisatorisk knytt til Skulestad skule, men hovudarbeidsstaden vil vere Vossabadet.
Me ser etter ein person som trivst i bassenget, har god elevleiing og sterk formidlingsevne, og som samtidig kan byggje gode system og samarbeidsstrukturar på tvers av skulane. Dette er ei særleg spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere praktisk undervisning med fagutvikling og koordinering.
Stillinga er den einaste i sitt slag i Voss herad ei sjeldan moglegheit til ei unik lærarrolle der du kan vere med og forme framtidas skulesymjing.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, gjennomføre og evaluere skulesymjing for elevar på 1.7. trinn
- Samarbeide med kontaktlærarar, kroppsøvingslærarar og leiing ved dei ulike skulane
- Bidra til utvikling av felles opplegg, vurderingspraksis og tryggleiksrutinar
- Ha ansvar for koordinering mot Vossabadet, inkludert timeplanar, kommunikasjon og utstyr
- Medverke til at alle elevar får ei trygg, inkluderande og motiverande symjeopplæring
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for 1.7. trinn, gjerne allmennlærar eller GLU 17
- Formell kompetanse i idrett/kroppsøving eller tilsvarande
- Svært gode symjedugleikar og tryggleik i vatn
- Erfaring frå symjeopplæring er ein fordel
- God systemforståing og evne til å skape struktur og samarbeid mellom fleire einingar
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg klasseleiar også i bassenget
- Strukturert, sjølvstendig og med gode samarbeidsevner
- Initiativrik, løysingsorientert og utviklingsretta
- Positiv og inkluderande i møte med elevar, kollegaer og samarbeidspartnarar
Me tilbyr
- Eit fagleg engasjert kollegium og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å vere med å utvikle eit heilskapleg symjeopplæringstilbod i Voss herad
- Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- God pensjonsordning
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Helse- og sikkerhetsbevissthet
- Kunne svømme
- Videregåendeinstruktør, svømming
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
svømmelærar, svømming, lærer, undervisningsstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438921105
- Sist endret
