Bildegalleri
Harley Benton – Kraftig Modifisert – EMG 57/66 – Gotoh – rustfrie band
Til salgs
Gratis frakt + Trygg betaling 240 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis noe er galt med varen, kan du stanse handelen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Gitartype: Elektriske gitarer
Dette er ikkje ein standard Harley Benton. Gitaren er omfattande modifisert og har fått ei rekke oppgraderingar på elektronikk, hardware og hals.
Oppgraderingar:
EMG 57/66-sett (USA)
Ekte Gotoh vintage-stemmeskruar
Messingstall
Rustfrie stålband
Blank hardware i staden for original sort
Oppgraderte pickup-rammer
Halsen er slipt fri for lakk, grundig polert og behandla med Schaftol
Flamma i lønnehalsen kjem mykje betre fram etter at lakken blei fjerna
Sjølvlysande side-dotter
Halsen er litt chunky og blir gradvis tjukkare oppover:
20,6 mm ved 1. band – 22,1 mm ved 7. band – 23,3 mm ved 12. band.
Dei rustfrie banda er svært glatte og fint polerte og gir ein veldig behageleg feeling ved bending og vibrato. Bandarbeidet er gjort av Isaksen Gitarhøvleri.
EMG 57/66 er eit allsidig sett som fungerer godt frå reinare lydar og blues/rock til hardare ting. Pickupane har den meir opne og dynamiske karakteren ein gjerne forbind med 57/66-settet, framfor dei meir tradisjonelle, komprimerte EMG-lydane.
Gitaren har også ein god akustisk grunnlyd.
Tilstand og service:
Framstår i veldig god stand med veldig få bruksmerker.
Eg kjem til å gå over gitaren før sal: skifte strenger(9-46), kontrollere hals/truss rod, band, elektronikk og generell setup. Han blir altså levert kontrollert og speleklar.
Vekt: ca. 2,9 kg.
Nokre av bildene er frå annonsa då eg sjølv kjøpte gitaren.
Gitaren har vore lite brukt av meg og har stort sett vore lagra i koffert. Eg sel han fordi eg har andre gitarar eg brukar meir.
Kan selges med kasse, då eit lite tillegg på 400 for kassen.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 15.10.2026 kl. 20:47 ・ FINN-kode: 438723685
