
Prosjektleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 08.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar
Bli med og bygg framtidas vegar i Vestland!
I avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sitt ansvar som vegeigar. Fylkesvegane bind fylket saman og skal vere trygge, effektive og miljøvennlege ferdselsårer for alle.
Visjonen vår er klar:
Eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og berekraftig vegsystem som fremjar regional utvikling og gode kvardagar for folk flest.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar hos oss vil du få ansvar for ei variert prosjektportefølgje – frå små tiltak til større samferdselsprosjekt i bergensområdet.
Du vil:
- Følgje prosjekta frå planlegging til ferdig veg – og vidare til driftsfase
- Utarbeide konkurransegrunnlag og delta i kontraktsarbeid
- Utvikle og avgrense prosjekt, lage styringsdokument og følgje opp framdrift, økonomi, HMS og kvalitet
- Leie og motivere byggeleiarar, kontrollingeniørar og interne ressursar
- Vere pådrivar for bruk av digitale verktøy og modellbasert prosjektering
- Ha god dialog med entreprenørar, rådgjevarar og naboar i prosjektet
Kvifor velje oss?
Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du faktisk ser resultata av jobben din. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, korte avstandar og mykje humor. Der er gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi legg vekt på verdiane våre – kompetent, modig og open – og på visjonen om å vere nyskapande og berekraftig.
Du får gode moglegheiter for utvikling, fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for hjemmekontor, og solide pensjons- og forsikringsordningar.
Vi har gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.
Kven er du?
Vi ser etter ein strukturert og løysingsorientert prosjektleiar som trivst med ansvar og samarbeid. Du har gjennomføringskraft, er tydeleg i kommunikasjonen og motiverer folk rundt deg.
- Minimum treårig relevant høgskuleutdanning (eller solid, relevant praksis)
- Erfaring frå samferdselsprosjekt og gjerne kjennskap til Statens vegvesen sin prosesskode
- Kompetanse i prosjektstyring og økonomi
- Erfaring frå anleggsprosjekt og ulike entrepriseformer
- Førarkort klasse B
- Gode IKT-ferdigheiter og trygg i norsk, både munnleg og skriftleg
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Kontakt
Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar Beate Høgh, telefon 907 62 631, om du vil vite meir om stillinga.FerdigheterAI-generert
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- IT-kompetanse
- Kjøre
- Norsk
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjekteringsledelse
- Utforming av kontrakter
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
prosjektledelse, Infrastruktur og veg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438103847
- Sist endret

