Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)
Universitetet i Bergen
- Frist 10.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Om stillinga:
Universitetet står framfor store bygge- og utviklingsprosjekt og treng høg
kompetanse for gjennomføring av prosjekta i alle fasar (tidlegfase, planlegging og
gjennomføring av bygge- og rehabiliterings prosjekt). Nokre av dei største
satsingane er transformasjon og rehabilitering av bygg på Realfagshøyden
(Nygårdshøyden sør), nytt Griegakademi, samlokalisering av HF-fakultetet og
rehabilitering av Kulturhistorisk museum.
Eigedomsavdelinga ved Prosjektseksjonen har det administrative ansvaret
for planlegging og gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og
vedlikehaldsprosjekt, i tillegg også arealkoordinering, miljøkoordinering og interiør.
Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)
Ved Eigedomsavdelinga, Prosjektseksjonen er det ledig 2 faste 100 % stillingar som
prosjektleiar. Vi søkjer dyktige prosjektleiarar, helst éin med teknisk kompetanse og
éin med byggfagleg kompetanse. Som byggherrerepresentant vil du som
prosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege nybygg-,
ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang
og kompleksitet.
Med eit ansvar for bygg som spenner frå byvillaer til idrettsanlegg og avanserte
laboratoriebygg, tør vi påstå at vi er Bergens mest spennande arbeidsplass for deg
med interesse innanfor bygg og bygningsdrift. Hjå oss vil du jobbe med flinke
kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga rapporterer til gruppeleder for byggeprosjektet og vil ha følgjande arbeidsog
ansvarsområde:
- Gjennomføre prosjekter i alle fasar og med ulike gjennomføringsstrategiar og
entrepriseformar - Samhandling med og involvering av ulike brukarar
- Gjennomføre innkjøp i samsvar med lov om offentleg anskaffing i samarbeid
med UiBs innkjøpsavdeling - Gjennomføre målretta og gode tilpassa prosessar i dei ulike fasane i prosjekt
- Ivareta UiB sine miljøambisjonar
- Regelmessig prosjektrapportering i ISY Prosjekt økonomi
- Utvikle best praksis gjennom god samhandling i prosjektseksjonen og på
tvers i Eiendomsavdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:
- Utdanning på bachelor- eller masternivå innan bygg, tekniske fag eller
tilsvarande. Lang dokumentert relevant erfaring kan kompensere for
manglande formell utdanning - Relevant erfaring som prosjektleiar i byggeprosjekt, eller tilsvarande roller
med ansvar for planlegging, koordinering og gjennomføring av bygg- eller
tekniske prosjekt - Kompetanse og erfaring innan prosjektstyring og kontraktstyring av ulike
relevante entreprise standardar - God økonomiforståing
- Gode kommunikasjonsevner og flytande norskspråkleg både munnleg og
skriftleg
Vi ser det som et føremon at søkjar har:
- Relevant fagbrev som eksempel,
a) Tekniske fag som: Rørlegger (VVS), Elektriker (elektroinstallasjon),
Automatiker, Ventilasjons- og blikkenslager, Kulde- og
varmepumpemontør
b) Byggfag som: Tømrer, Murer, Maler, Betongfagarbeider og Taktekker - Kompetanse innan området universell utforming av bygningar
- Kjennskap til offentleg regelverk
- Kompetanse innan digitale verktøy, VDC, framdriftsplanlegging og LEAN
- Systematisk ferdigstillelse og erfaring i roller som ITB-ansvarlig, ITB-rådgiver
og/eller Systemintegrator - Ynskeleg med erfaring innanfor kulturhistoriske og verna bygg
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser
etter ein person som:
- Evner å sjå oppgåver i ein større samanheng
- Arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Viser god gjennomførings- og beslutningsevne
- Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag saman med kollega
- Ser digitale løysingar som en moglegheit og på ny teknologi med
nysgjerrigheit
Vi tilbyr:
- Eit ope og triveleg fagmiljø
- Stort spekter av prosjekt rett utanfor kontoret, midt i Bergen sentrum
- Heilskapleg læring i vår eigedomsavdeling; vi investera, drifter, held ved like
og avhender - Prosjekt med utspring i bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifrå
forsking, utdanning, formidling og innovasjon - Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile
universitetet - Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling.
- Stilling som prosjektleiar (kode 1087/1181) løn mellom kr 720 000 - 900 000
etter kvalifikasjonar i det statlege lønnsregulativet. For særleg kvalifiserte
søkarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn - Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/ (http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/)
Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleder bygg Rune Hovland, tlf. 952 97 845
Vil du bli betre kjent med oss - ta kontakt for ei omvising.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppfordrar kvinner til å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Administrere kontrakter
- Digitale ferdigheter
- Kunnskap innen bygningsarkitektur og byggkonstruksjon
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjektering
- Prosjekteringsledelse
- Teknisk innsikt
- Universell utforming
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437938885
- Sist endret
