Bli vår nye servicemedarbeider - Frydenbø Bil Ørsta
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli vår nye servicemedarbeider - Frydenbø Bil Ørsta
Frydenbø Bil Ørsta søkjer ein servicemedarbeidar som brenn for kundeservice og likar å arbeide sjølvstendig og målretta. Vi ser etter deg som har interesse for bil og som ønskjer å vere ein nøkkelperson i vårt serviceteam.
Som fullskala Volkswagen-forhandlar og autorisert verkstad for Audi og Škoda, arbeider vi med produkt i verdsklasse – men sjølv dei beste bilane treng regelmessig service og vedlikehald.
Vi tilbyr moderne og romslege lokale med topp utstyr og gode fasilitetar, eit framtidsretta arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling. Du vil få grundig opplæring i alle arbeidsoppgåver som høyrer stillinga til.
Arbeidsoppgåver
Sal av verkstadtenester og delar – via telefon, nett og i butikk
Bidra i lagerstyring og logistikk
Medverke til planlegging og fordeling av arbeid til servicemekanikarane
Profesjonell og tillitsvekkande kundebehandling
Kundeoppfølging, inkludert bruk av CRM-system
Rapportering og fakturering
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Strukturert, engasjert og sjølvstendig
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Trivst når det skjer mykje og kan handtere fleire oppgåver samstundes
Sterkt kundefokus og interesse for gode kundeopplevingar
God bilkunnskap
Serviceinnstilt og omgjengeleg
God digital kompetanse
Fleksibel, arbeidsvillig og med gode haldningar
Vi tilbyr
Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Ein arbeidsplass som verdset innovasjon og kvalitet
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
Støtte til trening
Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurset og Mallorca
Velkommen til Frydenbø Bil og Ørsta
I Frydenbø Bil Ørsta får du ikkje berre ein solid arbeidsplass, men òg høve til å vere del av eit område kjent for variert natur, gode friluftsmoglegheiter og eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn. Ørsta byr på trygge omgjevnader og gode tilbod for både familiar og enkeltpersonar – og legg til rette for ein balansert kvardag med høg livskvalitet.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Jan Brautaset på telefon 90 67 48 95 – jan.brautaset@moller.no.
Søknadsfrist: 14.12.2025
FerdigheterAI-generert
- Administrere inventar
- Bruke programvare for kunderelasjonsstyring
- Digitale ferdigheter
- Fakturering
- Logistikk
- Rapportering
- Reservedelssalg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.
- Sektor: Privat
- Sted: 6153 Ørsta
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Butikk og varehandel, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kundeservice, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
servicemedarbeider, kundeservice, teknisk personell, audi, volkswagen
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437123849
- Sist endret
