Journalist / Fotograf
A/S Lokalavisene
- Frist 23.11.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Journalist i 100 % vikariat i Strilen
Vi søkjer etter ein engasjert journalist til eit vikariat på sju månader, i samband med avvikling av ferie og permisjon for fast tilsette i redaksjonen vår.
Vi treng ein nyhetsjegar som både kan skrive og ta bilde – og som tenker og jobbar digitalt.
Om stillinga
Vi dekker alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø.
Du vil arbeide både som utegåande reporter og bidra på desken. Du må rekne med å inngå i turnus med vaktar på dag, kveld og helg.
Vi ser etter deg som
- har journalistisk teft og formidlingsevne
- kan levere tekst og bilde raskt og presist
- arbeider både sjølvstendig og saman med andre
- kan handtere hektiske periodar og prioritere mellom oppgåver
- har god digital kompetanse – og tek gjerne både bilde og filmar med mobilen
- meistrar nynorsk (og gjerne også bokmål)
- har kjennskap til dekningsområdet vårt (det er ein fordel, men ikkje eit krav)
- har førarkort for personbil
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver
- brei erfaring frå ein heildigital lokalaviskvardag
- ordna arbeidsforhold
- arbeidsstad i hovudsak i Knarvik
Oppstart: 2. februar
Søknadsfrist: 23. november
Om oss
I vår vesle klynge av lokalaviser finn du Strilen (Knarvik) og Bygdanytt (Indre Arna). Vi samarbeider tett, deler arbeidsoppgåver og har felles desk og leiing.
Vi har også nær kontakt med søsteravisene våre, Vestnytt (i Øygarden) og Askøyværingen (på Askøy).
Vi er ein del av Polaris Media, og har også Schibsted inne som ein stor eigar
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Nynorsk
- Skrive
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hagellia 4, 5914 Isdalstø
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436486576
- Sist endret