Journalist / Fotograf
A/S Lokalavisene
- Frist 20.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Journalist med digital teft – fast stilling i Strilen og Bygdanytt
Strilen og Bygdanytt følgjer pulsen i områda våre – fem kommunar i Nordhordland, inkludert Gulen og Osterøy, samt Arna bydel i Bergen kommune.
Begge redaksjonane har høge digitale mål for journalistikken vår, og vi ser no etter ein journalist som vil vere med og drive oss endå lengre fram.
Vi søkjer ein digital spydspiss til den felles digitaldesken vår – ein som ser heilskapen, prioriterer klokt og får sakene våre til å treffe lesarane.
Dette er ei fast heiltidsstilling som jobbar på tvers av dei to avisene, og du vil arbeide nokre dagar frå Strilen (Knarvik) og nokre dager fra Bygdanytt (Indre Arna) sine lokale.
Om rolla
I andre aviser kunne denne stillinga kanskje hatt tittelen frontsjef – men hos oss er rolla breiare enn som så. Du har din base på desken, men du får òg vere utgåande reporter og bidra i alle ledd av ein moderne, allsidig lokalavisredaksjon.
Du får ein kvardag som kombinerer tempo, variasjon og påverknadskraft:
- Du prioriterer og presenterer stoffet på framsidene våre – og i sosiale medium
- Du følgjer nyheitsbildet tett og skriv eigne saker når det smeller
- Du hjelper kollegaer med å løfte sakene digitalt – med gode titlar, bilete og format
- Du brukar innsikt og tal aktivt for å forstå kva som engasjerer, og er tett på lesarane
Hos oss får du ansvar, tillit og gode kollegaer som heiar på kvarandre.
Vi ser etter deg som:
- har journalistutdanning og/eller relevant erfaring
- skriv godt og meistrar både bokmål og nynorsk
- er trygg i presseetikk og journalistisk metode
- har digital teft og forstår korleis godt innhald når ut
- blir motivert av leserdata og innsikt, og å bruke dette for å nå ut med journalistikken
- kan filme, fotografere og redigere enkle snuttar
- ser moglegheitene i KI som redaksjonelt verktøy
- har førarkort for bil
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og handlekraftig
- Nysgjerrig og kreativ
- God lagspelar, men òg sjølvstendig
- Trivst i høgt tempo og tek initiativ
- Likar å prøve ut nye verktøy og forteljarmåtar
- Brenner for å utvikle lokaljournalistikken – både i innhald og form
Stillinga inngår i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.
Søknadsfrist: fredag 21. november klokken 1200
Om oss
I vår vesle klynge av lokalaviser finn du Strilen (Knarvik) og Bygdanytt (Indre Arna). Vi samarbeider tett, deler arbeidsoppgåver og har felles desk og leiing.
Vi har også nær kontakt med søsteravisene våre, Vestnytt (i Øygarden) og Askøyværingen (på Askøy).
Vi er ein del av Polaris Media, og har også Schibsted inne som ein stor eigar.
FerdigheterAI-generert
- Bilde - og videoredigering
- Bokmål
- Nynorsk
- Skrive
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hagellia 4, 5914 Isdalstø
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436485566
- Sist endret
