Elektriker
ØSTERBØ SOLUTIONS AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Elektrikar eller automatikar? Bli med å skape litande løysingar til kundar i Nordhordland og Ytre Sogn.
For å møte nye prosjekt og større ambisjonar, søker vi deg som vil vere med og skape litande løysingar til kundar innan industri, havbruk og offentleg sektor i Nordhordland og Ytre Sogn.
Vi treng fleire elektrikarar og automatikarar både på Frekhaug og i Sløvåg.
Kva skal du jobbe med?
Hos oss får du jobbe mykje med installasjons- og serviceoppdrag hos næringskundar. Vi har auka oppdragsmengde og ynskjer deg med på laget.
Installere og oppgradere elektro-/automasjonsløysingar
Serviceoppdrag hos næringskundar
Ex-installasjon og marine installasjonar
Bidra til litande løysingar ved å sikre rett kvalitet til rett pris og rett tid
Kvifor velje oss?
Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda, men ein som faktisk er med og påverkar.
Du får:
Eit sterkt tverrfagleg miljø med korte vegar til avgjerd
Ein kvardag med ansvar, variasjon og praktisk arbeid
Konkurransedyktige vilkår
Eit solid selskap i vekst, med røter i lokalmiljøet og blikket framover
100 % fast stilling
Oppmøtestad Sløvåg eller Frekhaug
Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.
Kven er du?
Vi ser etter deg som
Har fagbrev som elektrikar eller automatikar
Har førarkort kl B
Gjerne har nokre års erfaring med liknande arbeid
Beherske norsk som arbeidspråk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og i Sløvåg. Velkommen med på laget
- Sektor: Privat
- Sted: Mjåtveitflaten 45, 5918 Frekhaug
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektriker, Elektroingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
installasjon, serviceoppdrag, elektriker, automasjon, elektro
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435968514
- Sist endret
