Spesialrådgjevar
Øygarden kommune
- Frist 19.11.2025
- Ansettelsesform Fast
HR, forvaltning og kvalitet
Vil du vere med på å forme framtida til HR i kommunen?
HR, forvaltning og kvalitet er ei heilt ny eining som såg dagens lys i august 2024, og har plass under kommunalsjefområdet organisasjon og beredskap. Her finn du HR- og HMS-avdelinga og no er vi på jakt etter ein engasjert og dyktig medarbeidar, som vil vere med på å utvikle og styrkje HR-arbeidet vidare. I denne spennande rolla får du moglegheita til å jobbe tett med alt frå kompetanseutvikling og rekruttering til personalprosessar som er heilt avgjerande for at kommunen skal vere rusta for framtida. Du vil vere med på å forme eit arbeidsmiljø der både tilsette og organisasjonen kan blomstre og utvikle seg.
Er du strukturert, har erfaring innan HR, og elskar å vere med på å bygge noko nytt?
Då er det deg vi ser etter! Vi tilbyr ein dynamisk arbeidsplass der du får påverke og utvikle viktige HR-prosessar og kanskje det beste av alt: du får vere med på å gjere ein forskjell, både for dei som jobbar i kommunen, og for heile organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Sikre gode prosessar for medverknad og involvering i samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
- Gi råd og støtte til leiarar i krevjande personalsaker og endringssituasjonar
- Utvikle og forbetre rutinar, retningslinjer og prosessar innan HR- og organisasjonsutvikling
- Strategisk rekruttering
- Bidra i planlegging og gjennomføring av omstillingsprosessar, verksemdsoverdragingar og avslutning av arbeidsforhold
- Formidle informasjon og gi opplæring i HR-relaterte tema
- Bidra aktivt til å fremje ein kultur for open dialog, samarbeid og profesjonell handtering av endring
- Hjelpe med andre oppgåver som ligg/vert lagt til eininga
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Relevant utdanning på master nivå
- Minimum fem års relevant erfaring frå krevjande HR-prosessar, som omstilling, verksemdsoverdraging og avslutning av arbeidsforhold. Erfaring frå komplekse og utfordrande endringsprosessar vil bli særleg vektlagt.
- Erfaring med å leie eller koordinere prosessar som sikrar reell involvering og medverknad.
- Solid forståing for offentleg forvaltning og samanhengen mellom politikk og administrasjon.
- Evne til å kommunisere strategisk, formidle komplekse tema på ein klar og tillitvekkjande måte.
- Relasjonsbyggjande, fleksibel og open for varierte oppgåver
- Sjølvstendig lagspelar med serviceinnstilling og positiv haldning
- Villig til å utvikle og bygge vidare eigen kompetanse
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
June Johannesen, mob: +47 48132938, mail:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Utvikle arbeidsprosedyrer
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus Foldnesvegen 1, 5343 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, HR, personal og rekruttering, HR, personal og rekruttering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
HR, Personalrådgiver, HRrådhiver, rådgiver, rådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435724003
- Sist endret
