Byggesakshandsamar
Kinn kommune
- Frist 16.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Frå byggesøknad til vedtak - vi treng deg som får byggesakene til å stå støtt
Kinn kommune søker ein byggesakshandsamar i 100% fast stilling ved avdeling for arealforvalting og byggesak. Valfri kontorplass er Måløy eller Florø. Ansvarsområdet for denne avdelinga omfattar tenester som plan- og byggesak, oppmåling, kart- og geodata, landbruksforvaltning, natur- og miljøforvaltning. Det er idag 23 ansatte på avdelinga.
Vi har varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar som krev høg kompetanse. Godt samarbeid og kunnskapsdeling mellom fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Dette gjev gode moglegheiter for fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å vere med på utviklinga av ein spanande kommune med stort potensiale for vekst.
ArbeidsoppgåverSom saksbehandler hos oss vil du få jobbe med desse oppgåvene:
Byggesaks- og klagebehandling
Dispensasjonsbehandling
Delesaker
Forhandskonferanser med søkarar
Andre oppgåver innan fagfeltet
Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag, planfag, jus eller andre relevante fag
Relevant erfaring frå heile eller delar av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
Gode IT-kunnskapar
Kunnskap om plan- og bygningslova er ein fordel
Relevant praksis frå offentleg eller privat sektor er ønskeleg
Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
Du må ha høg integritet og vere ansvarsbevisst
Du er analytisk, strukturert, og kan løyse komplekse problemstillingar
Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer
Du må trivst med høgt arbeidstempo og takle endringar
Personleg egntheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
Stillinga krev mykje kundekontakt og du må trivst med å følge opp publikum
Ei interessant stilling med moglegheiter for karriereutvikling
Eit raust og triveleg arbeidsmiljø
Eit godt kollegialt fellesskap med mykje arbeidsglede og godt humør
Lønn og arbeidsvilkår i medhald til tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningsliner
Dekning av flytteutgifter etter kommunalt reglement
Kommunal pensjons- og forsikringsordning
Ferdigheter
- Norsk
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
- Saksbehandling i byggesaker
Om arbeidsgiveren
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6700 Måløy
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Bygge- og anleggsteknikk, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
byggesakshandsamar, byggesaksbehandling, byggesaksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434690976
- Sist endret
