Bildegalleri
Evolv Phantom (str. 42)
Til salgs
Frakt fra 19 kr + Trygg betaling 79 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Ein klatresko utvikla i samarbeid med Daniel Woods, og som han brukte når han jobba med og gjekk bulderet Return of the Sleepwalker.
Sjølve konstruksjonen av skoen er tredelt, med ein kombinasjon av Evolv sitt AVT-system, TPS+-system og Dark Spine S-system. AVT-systemet er ein tynn mellomsåle i plast som blir tynnare mot fronten på skoen, og som er fjerna heilt under storetåa. TPS+-systemet er ein mellomsåle i gummi som skal oppretthalde den aggressive forma på skoen under bruk. Dark Spine S-systemet stivar opp skoen og fører krafta frå hælen og til tåspissane. Dette resulterar i ein sko som er både stiv og held godt på forma, men som òg er følsam. Lukkinga på skoen er borrelås, men med seks innfestningspunkter så er det mogleg å få stramma opp skoen godt rundt heile foten i ein bevegelse. Skoen er vegansk.
Eg selger skoa fordi eg har andre sko eg likar betre, og hælen på skoa passar meg ikkje heilt, så dei blir ikkje brukt. Evolv anbefalar at ein går for same storleik som i vanlege sko eller opptil 1,5 nummer større, alt ettersom kva passform ein er ute etter. Nypris i Noreg er 2499,-.
Skoa har fått byta sålen og tuppen hjå Pust Resoling i Oslo, og det er framleis mykje klivring att i skoa.
(Informasjonen er henta frå Evolv sine heimesider, og pris frå Prisjakt.)
Å finne den klatreskoen ein likar best er tilnærma ein vitenskap, óg no er det på tide å rydde i samlinga av sko som ikkje blir brukt. Så sjekk gjerne ut fleire av annonsene mine. Alle skoa har blitt handvaska i mildt såpevatn og lufttørka før salg, men det kan vere at dei har litt kalkflekkar om andre har prøvd dei på.
Ved ein kjapp og smidig handel spanderar eg billigste frakt mot førehandsbetaling.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 23.10.2025 kl. 16:15 ・ FINN-kode: 433577367


