Bildegalleri
Black Diamond Aspect (str. 41)
Til salgs
Frakt fra 38 kr + Trygg betaling 65 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Å finne den klatreskoen ein likar best er tilnærma ein vitenskap, óg no er det på tide å rydde i samlinga av sko som ikkje blir brukt. Så sjekk gjerne ut fleire av annonsene mine. Alle skoa har blitt handvaska i mildt såpevatn og lufttørka før salg, men det kan vere at dei har litt kalkflekkar om andre har prøvd dei på.
Black Diamond Aspect er ein sko designa for klatring i riss eller longe dagar med fleirtaulengder. Lesten på skoen er nøytral, men svakt asymmetrisk. For å gjere skoen meir stabil har Black Diamond designa eit system som fylgjer kanten på skoen, og kombinert dette med sin såle som er støypt i eitt stykke etter forma til skoen. Lukkinga av skoen er lisser, der delar av lissene i fronten av skoen er skjerma for å unngå slitasje. Skoen er bygd delvis i skinn og delvis i kunstfiber, der skinnet gjer skoen slitesterk, medan kunstfibra gjer skoen komfortabel og at den pustar betre.
Eg kjøpte skoa fordi eg ville drive med meir klatring i riss, men eg greidde ikkje heilt å bli ven med dei, så då vart dei lagt vekk til fordel for andre sko. Skoa fekk litt misfarging når eg handvaska dei før fotografering. Det ser ut som at denne skoen har gått ut av produksjon til fordel for Aspect Pro, som er ein annaleis modell. Nypris i Noreg når eg kjøpte dei var 1499,-.
(Informasjonen er henta frå Black Diamond sine heimesider.)
Skoa befinner seg i Oslo, så eg kan møtast sentralt der eller på eit lokalt klatresenter.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.3.2026 kl. 13:05 ・ FINN-kode: 453749401

