Driftsteknikar
Lingalaks AS
- Frist 16.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer driftsteknikar til vårt produksjonsteam i Hardanger
Vil du bli ein del av Lingalaks?
Me søkjer driftsteknikar til vårt produksjonsteam i Hardanger
Lingalaks søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre i Hardanger.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at våre medarbeidarar opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining. For godt kvaliserte kandidatar kan det vera moglegheit for meir ansvar på sikt som lokalitetsansvarleg.
Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.
Viktigaste arbeidsområde:
Drift av lokalitet, dvs. kontroll og tilsyn av fisk
Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhald og fokus på biosikkerheit
Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
Journalføring og rapportering
Avlasta driftsleiar ved behov
Delta i selskapet si vaktordning
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett er ein fordel, men gode kandidatar vert vurdert uavhengig av dette
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Strukturert, ryddig og nøyaktig
Kunne arbeide sjølvstendig, vera handlekraftig og løysningsorientert
Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.
Lokalitetane ein skal jobbe på vil variere (mellom Djupevik til Bergadalen), og det er ein føresetnad at ein kan møte på ulike lokalitetar.
Førarkort kl B
Lingalaks tilbyr:
Konkurransedyktige vilkår
Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet
Godt arbeidsmiljø
Ferdigheter
- Akvakultur
- Biosikkerhet
- Fiskeoppdrett
- Overvåke fiskeri
- Produksjon av settefisk og matfisk
- Rapportering
- Rengjøring
- Vedlikehold av utstyr
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av matfisk. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa. Ærleg, kvalitet og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon som er å vera ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Me ha produksjon på 16 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14.000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, fiskeoppdrett, akvakultur, fiskehelse, driftsteknikker
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 433562846
- Sist endret



