Energimontør
Haringnett AS
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Energimontør Haringnett AS
Haringnett AS søkjer etter energimontør i 100% stilling.
Haringnett er det lokale nettselskapet i Kvam Herad og har ansvar for å levera trygg og stabil straum til folk og verksemder kvar einaste dag. Målet vårt er enkelt: Straumen skal fram – alltid.
Elektrifiseringa gjer at stadig fleire prosessar krev straum, og dette fører til både større aktivitet og fleire spennande oppgåver for oss. Samstundes står me midt i viktige investeringar i distribusjonsnettet. For å møte desse behova ønskjer me no å styrkja laget med fleire dyktige energimontørar.
Som energimontør hos Haringnett får du høve til å påverka kvardagen din. Me er ein liten og tett organisasjon der avgjerder blir tekne nær fagmiljøet, og der innspel frå medarbeidarane er ein naturleg del av arbeidet. Du får vera med på heile prosessen og bidra til løysingar som fungerer i praksis.
Driftsavdelinga arbeider innan fleire fagfelt, mellom anna høgspent line og kabel, lågspent line og kabel, kundetilknytingar, skoging og nettstasjonar. Me søkjer ein fleksibel fagperson som kan gå inn i ulike oppgåver etter behov.
Arbeidsoppgåver
Drift, vedlikehald og beredskap av distribusjonsnettet i Kvam Herad
Utbygging og vedlikehald av lågspent nettet
Utbygging og vedlikehald av høgspent nettet opp til 22 kV
Planlegging og evaluering av oppdrag/prosjekt
Inspeksjon og befaring av distribusjonsnettet
Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
Bestått fagbrev i energimontørfaget eller fagbrev i elektrikerfaget med allsidig praksis
Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
Evna å arbeida systematisk, både sjølvstendig og som eit lag
Engasjement for faget
Vilje til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel
Likar å arbeida ute heile året
Handterer høgder og klatring
Tek HMS på alvor
Me tilbyr
Spennande, betydningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit arbeidsmiljø prega av trivsel og samhald
7,5 timer arbeidsdag, inkl. matpause
Konkurransedyktige betingelsar og pensjonsordning gjennom KLP
Som vedlegg til søknad ynskjer me:
Oppdatert CV
Kopi av vitnemål/fagbrev
Referansar
Spørsmål til stillinga kan rettast til nettsjef: Aaron Miille, aaron.miille@haringnett.no, 41226686.
Ferdigheter
- Arbeid i høyden
- Arbeid med høyspent og lavspent industri - og forsyningsanlegg
- Elektriske lavspenningsinstallasjoner
- Klatring
- Linjearbeid
- Nettverksvedlikehold
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Prosjektering
Om arbeidsgiveren
Haringnett AS er eit nettselskap med ansvar for kraftforsyninga i Kvam herad i Hardanger. Selskapet har tilhald i Norheimsund, og inngår i konsernet Kvam Energi. Verksemda har i dag 21 tilsette.
- Sektor: Privat
- Sted: Kaldestad 40, 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Energimontør, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
energimontør, elektrofagarbeider, nettanlegg, vakt, kraftnett
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439386566
- Sist endret
