Teknisk kunderettleiar
TESS Vest as
- Frist 13.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Teknisk problemløysar med kundesans? TESS vil ha deg med på laget!
TESS veks og søkjer ein engasjert og løysingsorientert teknisk kunderettleiar. Hos oss får du høve til å vere ein sentral del av eit dynamisk team som arbeider med spennande produkt og tenester, der service og kvalitet står i høgsetet.
Kva kan vi tilby deg? Hos oss får du:
- Personleg og fagleg utvikling: Vi gir deg verktøya du treng for å utvikle deg i eit sterkt teknisk fagmiljø.
- Gode arbeidsvilkår: Konkurransedyktige betingelsar og eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel står i fokus.
- Varierte arbeidsoppgåver: Ingen dag er lik – du vil jobbe både med kundar og oppfølging.
- Moglegheit til å påverke: Vi set pris på initiativ og gir deg frihet til å finne dei beste løysingane for våre kundar.
Om stillinga:
Vi søkjer ein teknisk kunderettleiar til vårt servicesenter i Sløvåg, der du blir ein viktig del av eit dynamisk og fagleg sterkt team. Stillingsprosent inntil 100%.
Arbeidsoppgåver:
- Yte god kundeservice, rettleie og gi teknisk hjelp i servicesenteret
- Salg og ekspedering i butikk
- Produksjon av slangar og oppfølging av drift, inkludert produksjon for blant anna havbrukskundar, industrikundar og offshorekundar
- Oppfølging av ordre, lager, varemottak og varepåfylling
Kven er du? Vi ser etter deg som har:
- Relevant utdanning (gjerne 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev) eller erfaring frå salg, gjerne innan tekniske produkt
- Teknisk innsikt og interesse er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Du er sjølvstendig, strukturert og engasjert
- Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo
- Du er løysingsorientert og serviceinnstilt
- Du har god teknisk forståing og likar å fikse ting
- Du har stå-på-vilje og tek ansvar
- Du trivst både åleine og saman med andre, og har glimt i auget
Høyrest dette ut som noko for deg? Då gler vi oss til å høyre frå deg! Vi vurderer søknader fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- Etterfylle varer
- Gjennomføre aktivt salg
- Klargjøring av varer til utkjøring
- Salgserfaring
- Support / brukerstøtte
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra, 5960 Dalsøyra
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Industri, Kundeservice, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Serviceinnstilt, Teknisk kompetanse, Kommunikasjon, Problemløysing, Samarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 432196901
- Sist endret