Prosjekt- og serviceingeniør
Went Air Solutions AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å bygge framtidas ventilasjonsfirma?
Hos Went Air Solutions handlar jobben ikkje berre om ventilasjon. Som tekniker og ingeniør hos oss, handlar det om å forstå korleis alt heng saman – luft, varme, kjøling, energi og menneske. Me ser etter ein som vil vere med og forme eit firma som gjer ting på sin eigen måte. Der fagkunnskap tel, men engasjement og ansvar tel minst like mykje.
Du kjem til å jobbe med prosjekt, service, drift og akutt vedlikehald, men òg med planlegging, rehabilitering og igangkøyring av nye anlegg. Nokre dagar er du ute i felt og får ting til å fungere. Andre dagar sit du og finn betre løysingar for kundar som ønskjer å redusere energibruk og få betre inneklima.
Kva du faktisk gjer, kjem heilt an på kven du er. Om du har fagbrev eller ingeniørutdannelse. Har du bakgrunn frå automasjon, VVS, røyr, varme eller kjøleanlegg, er det ein stor fordel. Me treng folk som forstår heilskapen – korleis alt påverkar kvarandre, og korleis små grep gjer store forskjellar. Rette person kan forme si eiga rolle: vil du jobbe mest praktisk, eller kombinere feltarbeid med prosjektering og leiing?
Me har kontor på Vikjo, midt i Stord sentrum, men prosjekta våre kan være over heile landet. Arbeidsdagen er fleksibel – me trur ikkje på ein stiv 37,5-timarsveke så lenge ting blir gjort, og gjort skikkeleg. Me trur på tillit, ansvar og utvikling. Du får den fridomen du fortener, og bonus når resultata kjem.
Me vil høyre frå deg som kjenner deg igjen i dette. Send eit enkelt hei til hei@went.no , så tek me ein prat. Kanskje er du den som hjelper oss å bygge framtidas ventilasjonsfirma – bit for bit, prosjekt for prosjekt.
For den rette kandidaten kan kontorplass vurderast både i Bergen og andre stadar på Vestlandet.
Ferdigheter
- Automatisering
- Kuldeteknikk
- Rørlegger- og ventilasjonsarbeid
- Servicearbeid
- Utføre feltarbeid
- Varmeanlegg
Om arbeidsgiveren
"Went Gruppen" kombinerar prosjektering, rådgiving, service og utvikling av energieffektive løysingar for næringsbygg og industri.
- Kontoret vårt ligg på Stord, men me jobbar der lufta treng oss – frå planlegging til ferdig igangkjørte anlegg.
- Sektor: Privat
- Sted: Sæ 14, 5417 Stord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Kraft og energi, VVS
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell, Teknisk service, Ventilasjonstekniker
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
ventilasjon, prosjekt, inneklima, prosjektering, rehabilitering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 431747719
- Sist endret
