Rooms Division Manager (Hotellsjef)
Brakanes Hotel by Fjordtind
- Frist 20.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du være med å forme gjesteopplevinga? Bli vår nye Rooms Division Manager!
Om stillinga
Som Rooms Division Manager på Brakanes Hotel har du det overordna ansvaret for hotellet si romavdeling, som omfattar resepsjon, housekeeping og gjesteservice. Du vil vere ein nøkkelperson i å sikre høg kvalitet på gjesteopplevinga frå start til slutt, og vere tett på både drift og utvikling.
Du får ansvar for å byggje og følgje opp eit sesongbasert team, der skiftleiarane i avdelingen spelar ei viktig rolle i den daglege operasjonen. Du skal sørgje for at alle tilsette har god opplæring og utviklingsmoglegheiter, og vere ein trygg, tydeleg og tilgjengeleg leiar i kvardagen.
Stillingen rapporterer direkte til hotelldirektøren, og vil fungere som ein “nummer to” i leiinga ved hotellet.
Arbeidsoppgåver
Leie og vidareutvikle resepsjon og housekeeping
Rekruttere, bemanne og følgje opp eit sesongbasert team med skiftleiarar
Personalansvar, inkludert opplæring, utvikling og medarbeidarsamtalar
Planlegge, organisere og sikre optimal drift av romavdelinga
Bidra til ei heilskapleg og genuin gjesteoppleving
Utarbeide og følgje opp rutinar for innsjekk, utsjekk og gjestebehandling
Budsjettering, kostnadskontroll og rapportering i respektive avdelingar
Aktiv deltaking i HMS og kvalitetssikring
Samarbeide tett med andre leiarar og bidra til eit sterkt teammiljø
total ansvar for vaktlistene i respektive avdelingar, samt timestyring internt i forhold til kvalitet og budsjett.
Vi ser etter ein person som:
Elskar utfordringar og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
Er strukturert, effektiv og har stor gjennomføringsevne
Har erfaring frå leiing i hotell- eller reiselivsbransjen. Stort pluss er utdanning innan same felt.
Har sterk motivasjon for å utvikle både seg sjølv, andre og drifta generelt.
Har god forståing for service, vertskap og kundeoppleving.
er ein effektiv og sjølvstendig problem løyser.
Trives med ansvar og ønskjer å spele ei viktig og inspirerande rolle i leiinga
Kommuniserer godt på norsk og engelsk
Har erfaring med hotellsystem og digitale verktøy Vi nytter Mews, PMI, mm.
Me tilbyr:
Ei sentral leiarstilling med mykje ansvar og påverknad
Ein spennande arbeidskvardag i vakre Hardanger
Moglegheit til å utvikle både deg sjølv og avdelingane vidare
Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med stor takhøyde
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Hjelp til å finne bustad ved behov
Er du klar for å ta steget inn i ei nøkkelrolle på Brakanes Hotel med verdas vakreste utsikt, rett frå fjordkanten innerst i Hardanger?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ferdigheter
- Ekspedisjonsarbeid
- Kvalitetsstyring
- Operativ driftsledelse
Om arbeidsgiveren
Brakanes Hotel ligg idyllisk til rett i fjordkanten i Ulvik – innerst i Hardanger. Med ei 165 års tradisjonsrik historie, blir natur, kultur og vertskap kombinert på ein måte som gjev gjestene ei heilt spesiell oppleving. Med nye satsingar på veg inn i 2026, styrkjer vi no leiargruppa og ser etter ein engasjert og strukturert Rooms Division Manager som vil vere med å løfte Brakanes Hotel til nye høgder.
- Sektor: Privat
- Sted: Promenaden 3, 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
rooms division manager, gjesteoppleving, romavdeling, resepsjon, housekeeping
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 431372057
- Sist endret
