Bildegalleri
Antikt åkle / sengeteppe / overbreidsle
Til salgs
Frakt fra 99 kr + Trygg betaling 107 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Høyde: 215 cm
Bredde: 119 cm
Antikt åkle/sengeoverbreidsle som er mange, mange tiår gamalt, kanskje 100 år eller meir. Det er truleg frå Bjørkedalen i Volda på Sunnmøre, eller frå Dalseth i Nordfjord. Det er 119 cm breitt og 215 cm langt og vevd i teknikken krokbragd.
Dette er det ein kalla "seng" for mange, mange tiår sidan. Ei seng er ein tekstil som er nær det vi i dag kallar dynetrekk. Ifølgje husflid.no var sengene for det meste produserte mellom 1870-80 til 1920-30. Frå første halvdel av 1900-talet og utover vart det meir vanleg å bruke bomullsdynetrekk og fjørdyner i staden.
Dei var vevd i ein flatvev som var ofte var for smal til full breidde, og deretter sydde saman langsetter på midten for å bli breie nok. Denne er også sydd saman på midten.
Framsida og baksida framstår med forskjellige mønster. Det er i grå-/bruntonar som hovedfargar med innslag av striper i raudt, beige, mørkebrunt og blått mønster. Tilstanden er god, men litt bruksslitasje på baksida og langs renning bak, ingen hol eller flekkar. Renningstråden er ubetydeleg synleg to plassar på framsida, sjå bilete. Midtsaumen er litt laust sydd og den kvite tråden er litt synleg på forsida.
Åkleet er nyvaska. Det kan brukast som sengeteppe eller åkle.
Kan sendast, eller hentast i Ørsta og betalast med Vipps.
Sjå gjerne mine andre annonser for fleire åkle; to andre er vevd med same mønster/renning.
Søkeord: Åkle, sengeoverbreidsle, overbreidsle, bolster, sengeteppe, veggteppe, teppe, husflid, vevnad, retro, antikt, vintage
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.11.2025 kl. 22:16 ・ FINN-kode: 424180042
