Bildegalleri
2 like, antikke åkle / sengeteppe / overbreidsler
Til salgs
Frakt fra 99 kr + Trygg betaling 107 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Høyde: 227 cm
Bredde: 68 cm
2 stk likemønstra, antikke åkle/sengeoverbreidsler som er mange, mange tiår gamle, kanskje 100 år eller meir. Dei er truleg frå Bjørkedalen i Volda på Sunnmøre, eller frå Dalseth i Nordfjord. Begge er 68 cm breie og 227 cm lange og er vevde i teknikken som heiter krokbragd.
Desse var ofte brukt som "senger". Ei seng er ein tekstil som er nær det vi i dag kallar dynetrekk. Ifølgje husflid.no var sengene for det meste produserte mellom 1870-80 til 1920-30. Frå første halvdel av 1900-talet og utover vart det meir vanleg å bruke bomullsdynetrekk og fjørdyner i staden.
Dei var vevd i ein flatvev som var ofte var for smal til full breidde, og deretter sydde saman langsetter på midten for å få bli breie nok. Det er ikkje så godt å seie om desse to har vore sydde saman på midten.
Framside og bakside framstår med forskjellige mønster. Dei er i grå/bruntonar som hovudfargar med innslag av striper i raudbrunt, rosa, blått, svart, gulbrunt og kremkvitt mønster. Tilstanden er god, ingen hol og berre eit par små ubetydelege flekkar på framsida av det eine åkleet, sjå bilete av den eine flekken. Litt bruksslitasje på baksida nokre få plassar, og ein del langs kanten bak.
Åklea er nyvaska. Dei kan brukast som sengetepper eller åkle. Seljast samla - prisen er for begge samla.
Kan sendast eller hentast i Ørsta og betalast med Vipps.
Sjå gjerne mine andre annonser; eit anna åkle er vevd med same mønster/renning.
Søkeord: Åkle, sengeoverbreidsle, overbreidsle, bolster, sengeteppe, veggteppe, teppe, husflid, vevnad, retro, antikt, vintage
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.11.2025 kl. 22:28 ・ FINN-kode: 424172713



