Bildegalleri
(1/6)
Kopi av ikonisk maleri. Idyll. Kristian Skredsvig.
Til salgs1 000 kr
Kan sendes – spør selgeren om pris
Idyll. Kopi av ikonisk maleri. Kristian Skredsvig. 27 cm x 32 cm. 27 cm x 32 cm. Vi kjenner alle dette motivet? L6.
Christian Skredsvig var ein norsk målar og forfattar. Han høyrde til gullalderen i norsk kunst og var ein av Noregs mest folkekjære landskaps- og dyremålarar.
Med ulike teknikkar veksla Skredsvig mellom naturalistiske dyre- og landskapsmåleri, portrett, religiøse motiv og folkloristiske motiv. Han var ein av dei norske målarane som raskast gjorde seg kjend med nye tendensar i fransk kunst, som til dømes plein air, det vil seie å måle i friluft. Skredsvig var ein av pionerane i utviklinga av frilufts- og stemningsmåleri i Noreg i 1880-åra.
Skredsvig stilte ut første gongen på industriutstillinga i Drammen i 1873, og i 1881 fekk han den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for eit fransk gardsmotiv, Ferme à Venoix (1881). Med dette friluftsmålarstykket fekk han gjennombrotet sitt internasjonalt. Deretter vann han seg eit namn som kunstnar og forfattar heime i Noreg. Den første separatutstillinga var i Fritzners Paviljong i Kristiania i 1886. Stemningsmåleriet Seljefløyten (1889) fekk ein sentral plass i norsk gullalderkunst.
Forfattarskapen hans var liten, men populær i samtida. Han fekk dikt på trykk i 1880-åra og gav ut den første boka i 1908. Den halvt sjølvbiografiske forteljinga om møllarsonen Even Strand vart publisert i åra 1912–1916.
I 1890-åra forandra Skredsvigs målarmåte seg. Den lyse fargeskalaen opptrer sjeldnare, fargane blir djupare og meir fyldig og formbehandlinga mindre kjenslevar, slik som i Vinjes barndomshjem med den vesle plassen oppe i bakkane og mørk skog bakom.
Christian Skredsvig var fødd på Modum i Buskerud. Han voks opp i ein barnerik familie i fattige kår på Tomta, ein tidlegare plass under Skredsvig-garden. Utdanninga avgrensa seg til omgangsskulen, og han kom heile livet til å sakne grunnleggjande kunnskapar. Han viste tidleg anlegg for teikning, og i 1869, berre femten år gamal, byrja han utdanninga si ved Johan Fredrik Eckersbergs malerskole i Christiania. Han fekk friplass og fekk i tillegg økonomisk støtte frå mellom anna doktor Arnold Thaulow på Modum bad. På målarskulen trefte han mellom anna Erik Werenskiold, Eilif Peterssen og Knud Bergslien, som vart vennene hans livet ut.
Eckersberg døydde sommaren 1870, og etter ei kort læretid hos Julius Middelthun på Den kongelege Teikneskule skaffa mesenen og kjøpmannen Peter Simonsen Skredsvig losji hos landskapsmålar Vilhelm Kyhn i København, formidla gjennom professor Vilhelm Marstrand ved Kunstakademiet i København. Kyhn blei Skredsvigs lærar, og med hans tilråding oppnådde Skredsvig friplass der medan han var elev ved kunstakademiet i 1870–1874.
Ved kunstakademiet lærte han berre å teikne, men av Kyhn fekk han innføring i olje- og akvarellmåling på studieturar på Jylland. Skredsvig deltok òg ved høve i Harald Foss sitt Huleakademi i Kyhns hage. I Huleakademiet arbeidde han med levande modell. Av dei danske målarane Skredsvig elles kom i kontakt med, var Joakim Skovgaard den som fekk mest å seie, både som venn og kunstnarkollega. Eit lågt tal teikningar og studium i olje er bevarte frå denne tida. Eit naivt Selvportrett (1872) i akvarell gir eit godt inntrykk av den umodne bondeguten. Elles var det mest landskap og enkelte figurmotiv som opptok han.
Studiane frå reisa på Jylland i 1871 viser påverknad frå Kyhn si gjennomarbeidde og nøkterne form, medan teikninga av dyssesteinane Frå Christiansminde har ein friare og meir personleg karakter. Oljemåleriet Sommerlandskap (cirka 1871) viser sikker sans for komposisjon og atmosfærisk verknad. Ein annan liten studie, Skagen (1872), viser stranda med sand og marehalm, i bakgrunnen strekkjer havet seg ut med kvittoppa bølgjer.
Møtet med den danske kulturen og kunsten i musea fekk mykje å seie for utviklinga til Skredsvig, og han gjekk medvite inn for å bøte på den mangelfulle utdanninga si. Han las fransk og spelte fiolin, dessutan lærte han, som han skriv, å drepe folk med kårde (fekting).
Ein studietur til Telemark saman med Anders Kongsrud i 1887 resulterte i to viktige arbeid, Vinjes barndomshjem Plassen i Telemark og Vinje som gjetergutt (måleri, begge 1887, Nasjonalmuseet).
I 1874 gjennomførte Skredsvig ei reise rundt om i Sør-Noreg. På denne reisa fann han fleire av motiva som seinare skulle bli hans spesielle område. Studiane av natur og norsk folkeliv, særleg frå Hardanger, danna grunnlaget for mykje av den kunstnariske verksemda hans.
Eit lite landskapsbilete, Frå Hardanger (1874), detaljert beskrive i Dage og Nætter (1908), viser fjorden omgitt av høge fjell. I ei teikning er motivet ei ung jente som driv kyrne over elva. Eit liknande motiv teikna han seinare same år i Paris og tok det opp igjen i eit oljemåleri i München i 1876. I brev underteikna Skredsvig seg no som dyremålar .
Oktobermorgen ved Grez viser eit møte mellom gut til hest og ei gjetarjente med saueflokken. Biletet er direkte inspirert av den store målaren i tida, Jean-François Millet. Det er òg inspirert av Jules Bastien-Lepage, og den lyse heilskapstonen er påverka av det nye friluftsmåleriet. Graset i forgrunnen er måla på meir konvensjonell fransk vis med ein spesiell relieffaktig teknikk som Skredsvig ofte nytta i desse åra.
Motivet i Snøkjøring ved Seinen viser den strenge vinteren i Paris, med svære arbeidshestar som køyrer vogner fullasta med snø ut på den islagde Seinen. Bygningar og spir i bakgrunnen teiknar seg mot blygrå, snøtung luft. Heilskapstonen er gråleg og speler over heile registeret frå svart til kvitt. Målinga er pastost pålagd med brei pensel. I kvardagsrealismen sin og nøkterne fargehaldning er måleriet tydeleg påverka av Jules Bastien-Lepage.
Etter råd frå Kyhn og Simonsen reiste Skredsvig til Paris i 1874. Her deltok han på kveldskurs leia av Léon Bonnat, men slutta etter eit par månader fordi han aldri fekk kontakt med læraren. Elles kopierte han i musea og måla etter Morten Müller og August Cappelen. Innverknaden til sistnemnde er merkbar i Landskap med furutre (1877), eit stemningsbilete med eit einsamt tjern, drivande skyer og raudgylne solstreif.
Camille Corot og Jean-François Millet sine måleri gjorde eit visst inntrykk på han, men samanlikna med dei danske førebileta, mellom anna Peter Christian Skovgaard og Johan Thomas Lundbye, fann Skredsvig dei franske uforståelege og urovekkjande. Målarar som Jean-Léon Gérôme og dyremålaren Rosa Bonheur etter var meir hans smak. Av dei nordiske kunstnarvennene sette han størst pris på Theodor Philipsen, som hjelpte han gjennom ei vanskeleg tid med sjukdom og pengesorger.
Hausten 1875 busette Skredsvig seg i München. Her utvikla han ein livslang vennskap med fleire av dei norske kunstnarane. Med skisser frå studieturen i Noreg måla han romantiske scener frå dyreliv og fjord og fjell.
Hans første store arbeid var Hjemfart frå Sæteren, basert på teikningar frå studieturen i Hardanger i 1874. Motivet er nasjonalromantisk med fjord og fjell, delvis skjult av drivande tåke og ein båt fullasta med kyr. Men figurane er måla etter tyske modellar. Biletet er eit utprega atelierarbeid med sterke lysverknader og bruk av lokalfargar, måla i ein glatt, olja teknikk med utpensla strøk.
Slik er òg Aften på fjellet, med gjetarjente og dyr, eit gjennomgangsmotiv i den seinare kunsten hans. Aften på fjellet blei stilt ut på verdsutstillinga i Paris 1878. Måleriet er kjent i fire utgåver, det siste datert 1889.
To landskapsbilete frå same periode, Landskap med får (1876) og Sommernatt på fjellet, viser med den jamnare lysføringa si og forsiktige fargebruk ei meir nøktern innstilling til motivet.
Skredsvig sin produksjon i München-tida er meir omfattande enn det ein tidlegare har gått ut frå. I sine beste arbeid viser han stort talent. Dette kjem òg fram av teikningane frå omland av München, utført som raske skisser av folk og dyr.
Han vart aldri elev på akademiet i München og hadde ingen fast lærar, men fekk noko rettleiing av Heinrich von Zügel, som var spesialist på motiv med sauer og kveg. Med eit beskjedent statsstipend, det første av i alt tre, greidde han så vidt å leve som kunstnar. Men han lærte av vennene og kunsten i musea, med Arnold Böcklin som erklært favoritt. Andre kunstnarar som fekk noko å seie for han, var Karl Theodor von Piloty-eleven G. C. Max, kjent for dei religiøse komposisjonane sine, austerrikaren Hans Makart med historiebilete i kolossalformat, og den frodige folkelivsmålaren Ludwig Knaus frå Düsseldorf.
Vinteren 1881–1882 var Skredsvig i Spania saman med Ernst Josephson. Trass i sjukdom og depresjon måla han ei rekkje småbilete med enkle, kvardagslege motiv, som både pittoresk og teknisk høyrer til det beste i produksjonen hans.
Måleri av ein fransk bondegard, forstudie frå 1880 til Ferme à Venoix ('Bondegard i Venoix') frå 1881, som han fekk den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for
Forstudie til måleriet Ferme à Venoix
Gjennom tyske kunstnarar og besøk på Salon de Paris var Skredsvig til ein viss grad klar over moderne franske tendensar i målarkunsten. Som dei fleste norske kunstnarar bestemde han seg for å halde fram med studiar i Frankrike, og i perioden 1879–1885 var Skredsvig på nytt busett i Paris. Vennekrinsen, med Thomasine og Jonas Lie i sentrum, blei det faste haldepunktet.
Dårleg helse og heimlengsel dreiv han førebels heim til Noreg hausten 1878, og han hadde fleire sommaropphald i Noreg. I 1879 måla han mellom anna to store landskapsbilete frå Eggedal, Drottningnuten og Jupsjøen (opphavleg måla for Sandefjord Bad), dei første av ei rekkje bilete med motiv herfrå. Motiva er romantiske med fjell og stille vatn, foss og ei bunadkledd jente.
I Paris tileigna han seg den franske salongrealismen og vakte merksemd med Snøkjøring ved Seinen (1880), debuten hans på Salongen. Ferme à Venoix frå året etter vann gullmedaljen på Salongen. Dette var den høgste utmerkinga ein kunstnar kunne få, på den dåverande viktigaste årlege utstillinga i Frankrike. Han fekk òg merksemd for Oktobermorgen ved Grez (1881–1882) og Ballade (1881 og 1884). Edvard Munch vart imponert over den naturtru framstillinga i Oktobermorgon ved Grez, og biletet blei straks innkjøpt til Nasjonalgalleriet.
Ei kort tid var han igjen elev av Léon Bonnat, men fann meir å lære av dyremålaren Emil van Marcke de Lummen i Normandie, der han oppheldt seg fleire somrar. Her teikna han dei første skissene til Ferme à Venoix, som vart måla ferdig i Paris. Motivet skildrar ei kvardagsleg scene med kyr som blir mjølka på tunet i ettermiddagssola. Komposisjonen og anatomiske detaljar er gjennomarbeidde. Fargane i skuggepartia viser at Skredsvig har tileigna seg noko av den impresjonistiske fargelæra. Samla sett utstråler biletet ro og harmoni. Trass kravet frå realismen kunne Skredsvig aldri fornekte den romantiske legninga si.
I 1881 trefte Skredsvig Maggie Plathe, truleg hos familien Gauguin, ein heim som ofte vart besøkt av nordiske kunstnarar. Året etter gifta dei seg i Bærum, og saman busette dei seg i Paris. Hausten 1882 reiste dei til Roma, der Skredsvig mellom anna måla Monte Avention (1882). Det vinterlege motivet er måla i motlys frå ei av bruene over Tiber med Aventinerhøyden i bakgrunnen. Refleksane i vatnet er dyktig måla, og heilskapsinntrykket er prega av fine grå- og bruntonar, karakteristisk for mange av arbeida til Skredsvig i denne tida. Appelsingutten (1883), med dei elegante svartkledte damene til hest i mellomgrunnen, har ein uvanleg forenkla og stilisert formbehandling.
Skredsvig heldt fram med å skifte mellom realistiske skildringar i fullt dagslys og kveldsstemningar. Til dei siste høyrer den vesle pastellen Sommeraften (1883). Eit blågrått månelys kviler over eit flatt landskap, der ei kvinne med barn hastar heimover i skumringa.
I Noreg året etter tok Skredsvig opp igjen eit liknande stemningsmotiv, denne gongen i stort format. I Sommarnatt. Måneskinn i Nordmarken (1884) står månen lysande rund over den bratte åsen som speglar seg i vatnet. Dei mørke fargane står i verknadsfull kontrast til friskgrøne tre og blomstrande eng i forgrunnen. Måleriet blei utpeika som publikumsfavoritt på Haustutstillinga same år.
Her viste Skredsvig òg I september. Motiv frå Stabekk (1884), på heile 1,5 × 3 meter, det største måleriet til utstillinga. Motivet er ei kvardagsleg scene med ein slåttekar som bryner ljåen sin nede ved vatnet. Landskapet rundt han er friskt og frodig, på himmelen segler lette sommarskyer. Den lyse friluftsatmosfæren er gjennomført i alle detaljar og bind det heile saman på ein overbevisande måte.
Etter heimkomsten til Paris døydde ekteparets einaste barn, og sorga skulle prege Skredsvig resten av livet.
Sjølvportrett frå 1886. Denne sommaren arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på garden Fleskum i Bærum.
Etter fleire år i Paris flytta Skredsvig tilbake til Noreg i 1885 og busette seg på garden Fleskum i Bærum. I hovudsak var Skredsvig sitt arbeid frå annan halvdel av 1880-åra framleis prega av innverknaden frå fransk moderne måleri. Motiva er for det meste frå Fleskum og Bærum, der mellom anna Gutten på fisketur (1885) stammar frå. Måleriet er friskt og spontant måla med pastos og pensel i sommarleg lys.
Den namngjetne Fleskumsommaren i 1886 arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på Fleskum. Dei måla særnorske landskap i grenselandet mellom naturalisme og nyromantikk, og Skredsvig henta gjerne inspirasjon frå ulike kunstartar og frå folketradisjonen.
Dei vare stemningane til sommaraftanen blei gjennomgangsmotivet, og Skredsvigs bidrag, Sankthansaften, freista å fange magien i musikken ei jonsoknatt. Sommaraftanen med ungdommar i båten på Dælivannet er måla utan dei moderne nyvinningane som lèt figurar og natur gå opp i ein heilskapleg atmosfære. Målarstykket vart seinare innkjøpt til Statens Museum for Kunst i København.
Edvard Grieg og andre frå den norske kultureliten fann òg vegen til Fleskum for å utveksle idear og for å musisere i lag. Mellom gjestane var Eva Sars, som seinare vart gift med Fridtjof Nansen. Ho framførte songar av Aasmund Olavsson Vinje, tonesette av Grieg. Skredsvig var sjølv svært musikalsk, og underheldt med å syngje folkeviser.
I april same året byrja han på eit motiv han kalla Tonen, etter Bjørnstjerne Bjørnsons dikt i bondeforteljinga Arne. Då måleriet stod ferdig etter tre år, var tittelen endra til Seljefløyten. Freden og harmonien i biletet, det blålege lyset og den lyttande stilla er typisk for ideen i tida om den djupe samanhengen mellom målarkunst, dikting og musikk.
For Skredsvig låg stemningsmotiva heile tida som undertonar i kunsten hans. Interesse for lyrikk og musikk var ei naturleg følgje av den romantiske legninga hans. Ein studietur til Telemark saman med Anders Kongsrud i 1887 resulterte i to viktige arbeid, Vinjes barndomsheimar, Plassen i Telemark og Vinje som gjetargut (begge 1887). Bileta er utprega norske i oppfatninga av det dempa lyset og dei metta fargane.
På denne tida skreiv han på manuset Min Bog med Billeder, eit forarbeid til Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908), som vart tileigna Grieg sitt minne. Eit brev som Grieg skreiv til Skredsvig kort tid før han døydde, var faksimilevedlegg i boka. Skredsvig sette ei teikning av komponisten i lag med Vinje og dei første notane til Våren på tittelbladet.
Eit vinterleg motiv er Isskjæring på Dælivannet (1889), med dei kubiske formene til isblokkane stabla på isen i kontrast til den skråstilte figuren til isskjeraren. Ein kald, blåleg tone bind detaljane saman. Lokomobil (1889), den store treskemaskina som fyller gardstunet med rauk og damp, er usedvanleg friskt og impresjonistisk måla.
Livet på Fleskum blei stadig avbrote av reiser i inn- og utland. På Korsika i 1888 måla Skredsvig Villa Baciocchi. Måleria herfrå er fylte av intens lyskraft og er måla med frie, pastose penselstrøk.
Då nyromantikken slo igjennom for alvor i 1890-åra, kunne Skredsvig gi friare utløp for det romantiske temperamentet sitt, og målarmåten hans kom gradvis til å forandre seg. Den lyse fargeskalaen opptrer sjeldnare, fargane blir djupare og meir fyldige, og formbehandlinga mindre kjenslevar, slik som i Vinjes barndomsheimar med den vesle plassen oppe i bakkane og mørk skog bakom.
På same tid følgde interessa for religiøse motiv. I byrjinga av 1890-åra måla Skredsvig det religiøse hovudverket sitt, Menneskenes Søn (1891), der Kristus er plassert i eit samtidsmiljø, etter forbilete av Fritz von Uhde. Biletet er i kolossalformat (3,24 × 4,52 meter) og viser Jesus kledd som arbeidskar i tunet på ein norsk bondegard. Det vekte stor oppsikt og blei lenge debattert i avisene i byen.
Interessa hans for religiøse og symbolske motiv omkring hundreårsskiftet må sjåast på bakgrunn av kunstretninga i tida og hans eigen livslagnad. Skredsvig var prega av tapet av sitt første barn og den etterfølgjande skilsmissa. Med konkret utgangspunkt i eigne erfaringar måla Skredsvig to bilete i kolossalformat: Et digt om døden (1900) og Et digt om livet (1908, første skisse 1903).
I Eit dikt om døden blir eit lite barn motteke av Kristus i paradis, medan foreldra fortvilt har kasta seg ned ved grava, i den mørke høgre halvdelen til måleriet. Etter lang avisdebatt fekk biletet sin endelege plass i Frogner kyrkje i Kristiania i 1907. Eit dikt om livet viser kunstnaren i ein konfliktsituasjon mellom dei to kvinnene i livet hans. Biletet blei seinare skore sund og overmåla. I dag er det restaurert. Til motivkrinsen høyrer òg dei symbolistiske Nymfe speglar seg (1904) og Fiskeren (1905).
Den einsame riddaren Ola Velland (1896, fleire utgåver), Tørstige riddar (1898, fleire utgåver) og Munken Vendt, Hamsuns dikting (1905) er nærliggjande å tolke som bilete på eigen livssituasjon. Det siste biletet, Munken Vendt, er sentrert om det kompliserte forholdet mellom mann og kvinne.
Ei kort tid etter arbeidet med Menneskenes Søn hadde Skredsvig og Edvard Munch vore i Sør-Frankrike. Der oppmuntra han Munch til arbeidet med Skrik. Sjølv vart han ikkje ekspresjonist, men måla poetiske landskap frå rivieraen, og han interesserte seg stadig meir for symbolismen.
Hentes i Oslo eller sendes. Ring eller tekst til 915 44 248 for å diskutere overlevering eller forsendelse.
Tilleggstjenester
Sending og levering
Mobilbetaling
Sist endret: 29.9.2026 kl. 09:51 ・ FINN-kode: 423642204
Mer fra Berg Lions Club


















