Bildegalleri
Roland RD-700NX stage piano med bag
Til salgs
8 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Kjøpt i 2012, var Roland sin toppmodell av denne sorten då.
Svært lettspelt og kjapt klaviatur med tre sensorar, samme som i Roland sitt V-Piano. 965 lydar fordelt på 16 kategoriar gjer det lett å finne dei lydane ein treng. Det er enkelt å setje saman opp til fire lydar, tilpasse dei, legge på effektar, osb. 200 slike oppsett (Live Sets) kan lagrast, i tillegg til dei 410 som er faste.
Enkel opptaksfunksjon som lagrar WAV-filer på minnepinne. Kan spele av WAV, MP3 og MIDI-filer, med mulegheit for å justere tempo utan å endre tonehøgde. Kjekt å ha når ein skal lære seg nye låtar. Innebygd metronom og enkelt trommekomp til øvingsbruk.
Avansert MIDI-funksjonalitet med fire eksterne soner. Fire faderar/sliderar og to knappar som kan sende Control Change og anna.
Det har nokre riper i lakken, men ikkje noko stort. Klaviaturet er godt som nytt. INC-knappen er nett bytt ut med ny. Det fylgjer med ein ekstra knapp som passar til EXIT og ENTER, men desse to fungerer som dei skal.
Gator softbag, pedal og straumledning fylgjer med. Litt stort og tungt å sende med posten, men kan sikkert sendast med buss til Oslo, Bergen og andre stadar. Kjøpar betalar då frakt.
https://www.roland.com/us/products/rd-700nx/
(Antalet live sets blei auka i ei programvareoppdatering, så Roland sin informasjon er utdatert på det punktet.)
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 12.9.2026 kl. 13:45 ・ FINN-kode: 418983937
