Bildegalleri
Blålilla Haglöfs Outback #10 i M
Til salgs
Frakt fra 99 kr + Trygg betaling 40 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Sel ein fint brukt sovepose av typen Haglöfs Outback #10 i storleik M. Dette er ein syntetisk 3-sesongspose for vår, sommar og haust. Fargen kan det hende er blå, men synest den har litt lillaskjær også i seg. Fin farge.
Eg har hatt soveposen sidan eg gjekk på speidaren, så den er nok rundt 20-25 år gamal, men fungerer framleis fint, og ser bra ut for alderen. Eg er ikkje sikker på kva storleik M tilsvarer, men den passar akkurat for meg på 1.89 m. Tenkjer det er lurt å halde seg under 1.80 m. Vekta målte eg til 1842 g. Vil seie at storleik i komprimert tilstand gir ei lengde på 29 cm og breidde på 21 cm.
Av det eg ha lese på nettet er komforttemperatur på -3 grader og ekstrem på -10 grader. Eg ville ikkje brukt den så kaldt som -3. Dei gongane det har gått under 0 i den har eg fryst. Det kan hende alderen på posen påverkar dette, så eg vil anbefale å halde seg over 5 grader. Dette er også grunnen til at eg kjøpte ny sovepose, sidan fort kan bli under 0 grader om sein haust og tidleg vår.
Soveposen har to snøringar. Ei for ytterkragen og ei for innerkragen. Det er også ei lita lomme på innsida av soveposen som eg fyrst no oppdaga.
Soveposen er generelt i god stand og er nyleg vaska på finvask med Nikwax Tech Wash og lufttørka utandørs. Av skader merka eg berre bittelitt frynsing øvst ved toppen av glidelåsen og nokre små flekkar på fronten av soveposen.
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling. Sikkert lurast og billegast å sende med Postnord grunna storleik på pakken.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.9.2025 kl. 10:49 ・ FINN-kode: 417243279


